For å få fokuset vekk frå sjokomjølk, skive med brunost og kakao, tenkte eg at det er på tide ta tak i tinga att - for ikkje å risikera legga på meg 35kg dette scangerskapet òg... Skrekk og gru...
Eg er no snart 13fullgåtte veker, og har så langt lagt på meg 3kg. Vekta syner no 70kg. Eg trur nok det kjem mest av at eg har ete "normal" mat full i karbisar den siste tida. Mest fordi eg har vore kvalm og det einaste som har hjelpt har vore brød eller anna karbofull mat. Uansett. Eg er no over kneika, og må sjå framover på det neste halve året som gravid.
Så, eg vil legga inn her kva eg et kvar dag, mest av alt for å gje meg sjølv ein oversikt.
I dag:
Frukost- c.c. med kanel og litt stevia, 1/2dl biola.
Lunch- tre Husman knekkebrød med baconost (ein goood klatt på kvart knekkebrød!)
Mellom- to små eplebitar frå barnehageborna sitt fruktfat...
Middag- svinekotelettar med baconfløytesaus, litt blomkål og brokoli.
Kvelds- eit eple...
Og det er det så langt i dag. Eg kjenner allereie kroppen er i omstilling, og eg kjem nok heilt sikkert til å få lyst på resten av sjokomjølka i kjøleskapet seinare... Eh... Det er vel mi "kreiving" denne gongen... Eh...
Eg skal ikkje etq ketolyse eller ketosebasert lavkarbo, men eta med vet og slik eg veit er ok for meg. Gjerne under 100g karb om dagen. Om de har innspelnså kom gjerne med dei!
Hei Konkelimonke:)
Høres ut som en fin plan du har der.Blir jeg gravid noe jeg prøver på ,skal jeg også følge lavkarbo videre men gå ut av ketosen.Skal bli spennede og følge deg og se hvordan dette går ang.vekt og slik:D
Lykke til :)
Har vore travelt, så har ikkje fått oppdatert her...
Uansett - på måndag vart kveldsen ei banan og litt jordbæryoghurt.
Tysdag:
Frukost- cc med kanel og litt funlight eplesmak, 1/2
dl biola.
Lunch- to knekkebrød med smør, baconost og kvitost... Mmm...
På jobb- to små koppar kakao... Fysjom...hehe!
Middag- laks og wokgrønsaker, med litt smør
Kvelds- ei banan med litt jordbæryoghurt
Var ein ok dag i går, var ikkje særskild fysen på noko usunnheiter. Vekta var kome seg ned i 69,7 òg, så det hjelper på:-)
Så langt i dag:
Frukost- tre ss havregryn og litt biola... Var ikkje så svolten...
Lunch- tre knekkebrød med smør og baconost og litt kvitost.
På jobb- to små konfektsjokoladar... Fyyy... Vqr på pauserommet.... Viljestyrke? Nope!
Mellom- ei banan då eg kom heim frå jobb.
Elles skal eg eta vidare i dag:
Middag- tacosalat. Eg droppar lefsa.
Kanskje litt cc til kvelds?
Så lnagt r det igrunnen veldig bra, men eg er utruøeg trøtt for tida, har lagt meg klokka 2130 dei siste kveldane. Er vel ein kombi av graviditet, lange dagar på jobb, og omstilling for kroppen som er vane med skive og sjokomjølk... Haha!
Dagen i dag har igrunnen gått veldig bra.
Eg åt 5 jordbær med litt yoghurt på til frukost, drakk ein kopp med kakao og åt eitt og eit halvt knekkebrød med pålegg på til lunch, åt ei lita svela saman med borna før eg reiste heim frå jobb.
Då åt eg svinewok med ein dæsj rømme på til middqg.
I kveld har eg ete ei banan og eit knekkebrød. Er skikkelig fysen på noko i kveld... Men eg skal vel klara å halda med unna tenkjer eg.
Går snart og legg meg, er skikkelig trøtt og har allereie fått kynner som er litt småubehaglege... Er nok fordi eg er så trøtt...
Er forresten 13 fullgåtte veker i dag! Jeeeeiiii!:):)
Gleder meg til å lese etterhvert som du oppdaterer her - jeg er ikke gravid selv, men jeg har faste aspirasjoner om å holde meg til lavkarbokosthold resten av livet. Selvfølgelig er det ikke utenkelig å legge inn en planlagt sprekk/pause her og der, men føler 9 mnd blir i drøyeste laget ;)
Dessuten kan man jo tenke seg hvor mange som sliter i måneder og år med f.eks. å kvitte seg med babyvekten etter at de har født, og så kan man kanskje bli litt ekstra motivert til å holde seg til lavkarbokostholdet også gjennom graviditeten. Så lenge man ikke er i ketose og er flink til å fokusere på sunnhet og næringsstoffer, så mener i alle fall jeg bestemt at det må være den beste måten å gå gjennom graviditeten på! :)
Tusen takk for komentarar! Det er veldig trivelig!
No må eg berre få sagt at eg ikkje har oppdatert her på ei stund... Held meg framleis sånn nokon lunde til opplegget, og frå i morgon av må eg registrera her inne att det eg et kvar dag.
Eg skal jo ha tid til det sia eg er sjukemeldt to veker (ei veka att) pga mykje kynner... Æsj...
Håpar de får ein finfin sundag vidare, så vil eg be back tomorrow:)
Heihå frå meg:)
Kan jo melda at vekta held seg stabilt på 69,2kg framleis... Ehe... Enn så lenge tenkjer eg me seier! Haha!
Off... Eg hadde jo den planen om å byrja å registrera maten min her inne att frå i går av, men no er eg skikkelig forkjøla og orkar ikkje vera så lenge på nett...
Kjem sterkare attende når eg er frisk att tenkjer eg:)
Stay tuned;)
Då har eg tatt meg sjølv kraftig saman og skal no registrera kva eg et kvar dag her inne for å få oversikten att... Er 40% sjukemeld pga mykje kynner, så jobbar annakvar dag no framover. Er straks 16 fullgåtte veker:)
I dag:
Litt cc og fløyte med litt fun saft og kanel, eit eple.
To knekkebrød Husman med baconost og ost... (jadå, "smør på flesk") :)
4 minitomater.
Middag (grønsaker, eit egg, skinkegrateng på lavkarbovis).
Thats it i dag. No skal eg snart kosa meg med ein kopp te, indian chai- min favoritt! - og kanskje ei banan.
Syns det så langt i dag har gått veldig bra til tross for karbokick i helga... Eh... Fyyy....:P
Ha ein fin kveld!
I morgon skal eg krypa opp på vekta... Turde ikkje i dag... Haha! Og nei- det er ikkje krise når eg no legg på meg framover, men tingen er å begrensa oppgangen... Førre gong gjekk eg opp 35(!!!!!!)kg og det skal IKKJE skje ein gong til!
Lurer på en sak, jeg, men merk at dette IKKE er noen form for kritikk eller en antydning om at jeg mener du gjør noe galt! Spør av nysgjerrighet, jeg :)
Hvordan går du frem for å være sikker på at du får i deg nok og riktig næring under graviditeten? Er vel sikkert ekstra viktig når man venter smått :)
De første 12-16 ukene spiser man det man faktisk får i seg. Resten av tiden spiser man så variert man kan/klarer og gjør så godt man kan. Tar alle tilskudd man blir anbefalt og alt som er moderne akkurat da!
Liten leieboer forsyner seg av den den trenger uansett!:D
Er ikke for ingen ting man pleide å si at hvert barn kostet moren en tann!:eek:
Her kan iallefall JEG svar at lavkarbo er definitivt det sunneste for min del, og for min baby.... Hadde 2 mndr med oppkast og spiste bare sukker, var det eneste jeg hadde lyst på---- De neste månedene spiste jeg bare brød og boller, ingen frukt eller grønnsaker...så at jeg har kommet meg over på lavkarbovogna igjen kan umulig være noe VÆRRE for lillemor i magen akkurat:) Endelig får jeg i meg mye grønt, proteiner og litt frukt igjen!
Jeg har ikke fått blodsukkeret målt, så det vet jeg ikke, men jeg kjente veeeldig godt at det svingte noe VOLDSOMT, fikk skjelvinger og ulvehunger etter 3 timer uten mat, og kastet i meg det nærmeste jeg fant som inneholdt MASSSSE karber :o
Heisann!
Vel, eg kan rett og slett ikkje vera sikker på at eg får i meg 100% av alle næringsstoffa eg burde og skulle hatt kvar dag, men som bigmum har skrive før meg her, så er eg overbevist om at lavkarbo er det sunnaste alternativet for meg og hulebuaren min:) mest fordi eg et mykje godt feitt, proteiner, varierte grønsaker og salatgreier, og litt karbohydrater i form av litt frukt og knekkebrød. Så, blodsukkeret held seg stabilt, humøret er meir stabilt og heile kroppen er meir stabil. Kjenner det i heile kroppen at den trivast betre på lavkarbo enn på "vanleg" høgkarbo...
I tillegg er eg meir stabil psykisk med tanke på kropp og vekt... For eg er litt ustabil psykisk med tanke på vektoppgang, det skremmer meg mest av alt! Og når eg då eg lavkarbo, som er så bra for heile meg, skremmer det meg ikkje i den grad som om eg et høgkarbo og nærast ser chipsen tek bustad på hoftene;)
Uansett, om eg tek ein vitaminbjørn og kanskje litt omega3 kvar dag, kan det umogleg vera verre enn om eg lever på skive med brunost for å sei det slik:)
Men, dette er jo opp til kvar enkelt å avgjera for sin del. Eg seier ikkje at dette kosthaldet er optimalt for alle, eg veit berre at det er optimalt for meg:)
Då var middagen fortært og eg er klar for å skriva dagens matfangst inn her.
Eg har ete:
Frukost- to knekkebrød med smør, leverpostei og majones... Nammenam!
Lunsj- eit knekkebrød med smør og graddost, pluss ei banan.
Mellom- ei heimemekka fiskekaka... Måtte jo smaka på middagen;)
Middag- wokgrønsaker, tre fiskekaker, eit egg. Til dessert- tre små jordbær, tre ts soyasjokoladeyoghurtpuddinggreier... Hehe!
Til kvelds vert det vel ein diger koppe chai te med litt fløyte i, og kanskje eit eple, evt eit knekkebrød med LEVERPOSTEI! Det er så gooooodt! Trur eg har dilla på " min første leverpostei"... Inneheld heldigvis berre 4g karb per 100g, men ingenting fornuftig utover dette... Hehe! Men ned går den, på høgkant!
Eg reknqr ikkje på karbisar, men sånn grovt rekna er eg vel rundt/under 100g karbar om dagen.
No foregår det ein maktkamp i huset, mellom meg og jentungen... Arr... Eg vert så irritert! Ho har plutselig bestemt seg for at ho ikkje skal eta opp middagen sin! Ho får akkurat passe mengde på tallerken, slik som vanleg, og ho får ti minutt på seg til å eta opp etter at me voksne er ferdig, elles vert ho sittande aleina ved bordet til ho har ete opp. I går bruka ho nesten 1 1/2 time! Og i dag er det på 'an igjen... Syting, klaging, mokking og akking... Men dette er ein kamp ho ikkje vinn! Eg skal ikkje få ein unge som får viljen sin på dette punktet. Kanskje eg er for streng(?), men eg gjev meg uansett ikkje... Men akk og vesann, eg vert så irritert......... Kor kjem dette ifrå? Ho har alltid ete middagen sin fint! Men no etter at ho kom frå far sin på sundag har ho slått seg totalt vrang...
Ah, det var dagens utblåsning! Skal ikkje vera lett dette her:)
Anyway, håpar de får ein fiffig kveld:)
Då var enno ein dag ved vegs ende, og det er på tide å oppdatera litt her...
Frukost- litt cc med fløyte og to ss syltetøy, ei halv banan.
Lunch- tre Husman med baconost og kvitost... Nam!
Middag- tacosalat med litt mais i.
Mellom/kvelds- eit eple og ei appelsin....
Vert vel ikkje meir i magen min i dag, med mindre eg MÅ ha eit knekkebrød seinare? Kveldsen i går vart to knekkebrød med leverpostei og majones pluss eit eple... Eh... Eg måtte jo eta opp boksen med leverpostei elles vert den ekkel..... Mogleg eg klarer å unngå vidare eting i kveld;)
Kjenner eg er litt "luftig" pga tacosalaten... Haha! Kva reagerer eg på? Hmm... Itte vet je...
Håpar de får ein flott onsdagskveld:) halvvegs til helg no;)
Off... I dag kjenner eg at viljen ikkje er heilt på topp... To knekkebrød med leverpostei og majones på til frukost, og no har eg ete ei skål med havregryn, mjølk og jordbærsylta.....
Nei og nei....
Veit ikkje kvifor, men kjenner eg er i litt dårleg eller trist humør i dag... Veit sanneleg ikkje kvifor... Mykje forandringar på gang kjenner eg.........
Alt eg må tenkja på! Akk og vesann.... Må berre snu ting og tenkja kor heldig eg er...
Kjenner berre på at eg er så sliten...
Nei, nok syting! Eg kjem attende for å oppdatera korleis dagen har vore matmessig, seinare i kveld :)
Eå var dagen snart omme, og eg kan med glede seie det vqrt ikkje det store etegilde som eg frykta...:)
Frukost og lunch vart jo to knekkebrød med leverpostei og majones, og ei skål havregryn med sylta og mjølk.
Elles vart det omnsvakt laks og brokkoli til middag. Og ei banan.
Og no har eg prøvesmaka nokre muffins eg skal ha med på jobb i morgon. Eg har ete ein tredjedel av ein muffins. Ikkje er dei så hakkande gale innhaldsmessig heller: laga på grovt glutenfritt mjøl, istadenfor tre dl sukker tok eg ei ts stevia, bruka rismjølk istadenfor vanleg mjølk og eg putta i litt most banan. Einaste som er superusunn er glasuren... Hehe! Jadå, her testast det ut alternativer:)
Me får sjå om eg klarer å halda meg flink resten av kvelden, er snopesugen i dag..... Sukk...
Oj, veier du ikke mer? Hvor langt er du på vei? Jeg har lagt på meg 20 kg jeg!! Er 31 uker på vei......Men forrige gang la jeg på meg 30, så får håpe jeg slipper det nå som jeg er over på low carb :) Går det ellers greit med deg og magen? Synes du er flink som skriver ned alt du spiser!
Jeg sliter litt med å holde meg utenfor ketose, merker at jeg har problemer med å holde meg over 30 karber når jeg først er pål lavkarbo, får litt karbofobi, liksom....jeje.....full skjerpings!
Åja Carisma, jeg har jo vært på HØY HØY karbo de 28 første ukene, så DET har jeg full forståelse for:) Men nå har jeg lagt meg i selen, ENDELIG! men da synes jeg det er vanskelig å kjøre "snill" lavkarbo, for sukkersuget forsvinner ikke :)
Eg syns eg veg nok eg:-P eg er 16 veker på veg no og har så langt lagt på meg tre kilo... Kjenner eg har veldig stor angst for dette med å legga på seg sia eg har bruka dei siste tre åra på å kvitta meg med gravidvekta frå førre gong. Eg la då på meg over 35(!!!) kilo, så det ligg som ei litt svart sky over meg dette med at eg faktisk skal legga på meg litt no... Men, så lenge eg klarer halda det innanfor normalen skal eg vera godt nøgd:)
Går greit med meg og magen ja, har byrja kjenna liv no:) det er stas:) du då? Er alt på plass og pulsen på kvilenivå? Du har jo ikkje mange vekene att! Spanande!
Skjønar for så vidt godt dette med å ha problemer med å halda seg utav ketose. Kjenner eg er litt slappare i strikken når eg et litt karbar i form av frukt og knekkebrød. Vegen er ikkje lang til ei skive, så kjenner på den karbofobien du skriv om. Men, som eg las i ein anna tråd her, så hadde me ikkje overlevd som art hadde det vore farleg med ketose under svangerskapet, så det er ikkje å ta så tungt trur eg. Om vekta mi vert faretruande høg skal eg nok strama litt meir inn på karbane eg og.
Håpar du får ein fin fredagskveld bigmun! Koseleg at du stikk innom:)
Nei det er sanneleg ikkje lett, det skal eg skriva under på! Kjenner vegen frå knekkebrød med leverpostei til skive med leverpostei er kort sia eg ikkje kan halda meg unna alt av karbisar. Det er mykje lettare syns eg! Men, enn så lenge skal eg nok klara det... Er jo ikkje krise om det går litt over stokk og stein ein dag eller to, så lenge ein klarer å hanka seg sjølv innatt... Lettare sagt enn gjort, men...
Håpar det går betre framover, det er berre til å bestemma seg veit du:)
Takk for at du stikk innom forresten- triveleg med"besøk" i tråden min:)
på 16 uker?? Shit, det er jo bare en halv uke til! Jeg trodde ikke jeg kom til å merke noe på et par mnd enda.... Jeg har jo akkurat begynt å komme meg over sjokket jo :o
Mange kjenner det tidligere andre gang enn første. Litt med at man vet hvasom er luft i magen og hva som er en liten for/stump/albue, og noe med livmorens vegger som har gjort dette før eller noe sånt, så vidt jeg husker!:p
Etter ultralyden ca uke 18 er det ikke uvanlig at man kjenner de første små bumpene.:)
Helt snodig følelse! En baby INNI meg! Men skikkelig kult, og gir faren en god anledning til å få litt mer håndfaste bevis på at det er noe inne der!;)
Er det nr 1 eller 2 eller 3 ? Er sant som kitt seier, at det er vanleg å kjenna liv tidlegare om ein har vore gravid før.
Eg kjende noko som kunne minna om liv så tidleg som i veke 13, men har berre vore hundre prosent sikker no sia førre sundag (var då 15+3), og no kjenner eg det kvar morgon og kveld.:):) du har å gle deg til:)
Det er vel på tide å bekjenna mine synder... I går gjekk over stokk og stein... Rett og slett... Here it goes.....
Ei skål havregryn med mjølk og jordbærsylta....
To knekkebrød med baconost og kvitost.
Ein og ein halv muffins!
To snopar...
Gulrot med dip....
(var feiring for ei på jobben som slutta....)
Eit par smågodt utover dagen...
Hje-hje-hje-hjemmelaga pizza... Eitt stykke...
Litt chips og dip...
Off og off og off, ikkje lavkarbo i det heiletatt!
Vel vel... Har jo starta dagen likeins i dag... Havregryn, ei banan og biola....
Sjølvdisiplin? Kvar er du??? Hehe!
.....men man må ikke være engstelig hvis man ikke kjenner noe så tidlig, for jeg kjente ikke noe før uke 22, på verken nr en eller to :)
Ja du er flink du Konkelimonke, jeg har vært hjemme hos mamma og pappa i helga, og ORKET ikke forsvare/forklare meg, så jeg har havnet litt på utpå karbokjøret igjen.....men i morgen er en ny dag!
Kos deg videre med magen :)
Heisann sveisann!
Eh, du er ikkje aleina om å ha vore på kjøret i helga bigmum... Eg skulle til å bekjenna mine helgesynder (som omfattar både hamburger og muffins), men eg har bestemt meg for at historie er historie, og å ramsa opp alle syndene i ein og same tråd vert for hard kost til og med for meg... :o Så, i dag er ein ny dag, men i morgon er det full fres for min del òg... Er grasenka i kveld så viljestyrken er super svak... Ender vel med at eg står på hovudet i eitt eller anna kjøkenskap... Eh..........:p
Anyway, til no har eg knept i meg ca 55 g karbisar. Ikkje så ille det må eg sei! Her kjem lista over dagens "fangst":
Cc med jordbærsyltetøy av typen frosen boks frå Nora.
2 knekkebrød med baconost og kvitost, 5 cherrytomater.
To ss av fiskegratengen dei laga i bhg.....
8fiskepinnar (200g), kokte gr.saker og ei halv tomat.
Når eg ser det slik er det jo ikkje så gale med tanke på snart slutt på dagen... Men dei fiskepinnane er jo igrunnen ikkje så ekstremt lavkarbovenlege... Haha!
Vel vel... Til kvelds tenkjer eg to knekkebrød med leverpostei (bombe!!!) og farris... Så då kjem eg opp i mellom 75-80g karb i dag. Under 100 jaffal! Men som me har diskutert tidlegare- gud så mykje lettare det hadde vore å halda seg unna alle karbisane totalt, a la ketolyse!
Eg eig ikkje viljestyrke, suget etter noko snæks heng over meg som ei sky... Eg endte dagen med ei skål risengrynsgraut med SUKKER på i går... Er det mogleg?:eek:
Og eg har fanken meg lagt på meg ein kilo på få dagar, så no er det full skjerpings, for det er ikkje babyvekt for å sei det slik!:mad:
Nei fy fy Konkelimonke... Dette er det berre DU som kan endra på!
Så, no startar eg dagen med cc med litt syltetøy på, og så skal eg på butikken og kjøpa egg og anna lavkarbovenleg stæsj.
Har bestemt meg for at heile dagen, utanom lunchen på jobb der eg et knekkebrød, skal vera så lavkarbo eg kan, med innslag av litt yoghurt og frukt. Nothing more than that! Arrg... No er eg irritert på meg sjølv...
Frukost- cc med jordbærsyltetøy
Lunch- 2 knekkebrød med leverpostei på det eine og kvitost på det andre.
Middag- heimamekka wok med skinke i
Kvelds- ei halv appelsin og litt melonyoghurt
I dag har det altså gått bra:)
Flink har eg vore, har til og med drukke mykje vatn!
Elles er eg stadig plaga med desse kynnerane, som gjer at eg er 40% sjukemeld... No byrjar det verta mensmurringar heilt ned i låra, så eg må ta det opp med legen på kontroll på torsdag... Går nok helst bra, men noko 100% jobb trur eg ikkje kroppen min tillater. Føler meg som ein gigantisk svikar altså! Er jo berre gravid, ikkje sjuk... Men eg må jo høyra på kroppen, det er det beste for bebisn som sprellar og kosar seg i magen min :)
Jeg har vært 100 % sykemeldt ganske lenge nå, men så har jeg jo også en litt fysisk krevende jobb (dansepedagog), så 4 timer hiphop hver kveld var ikke forenelig med vondt bekken og rygg :o IKKE ha dårlig samvittighet, man kan ikke gjøre mer enn sitt beste :)
Jeg har vært på vannaerobic for gravide i dag. Tror det blir veldig bra utover, selv om jeg i dag var fryktelig lite gravid sammenlignet med de andre der... :o
Jeg kjøpte min i en velutstyrt undertøysbutikk en gang i tiden. Og jeg var DIGER på slutten!:eek:
Regner også med at disse Mammaklær- butikkene har eller kan skaffe.
Bassengtrening for gravid er svært populært og noe må jo damene ha på seg!:p
Gi opp og prøv bikini? Eller sånn med bukse og bikiniliv - tankini sier de i utlandet. Noen av dem er liksom omslags under bikinien. Da finnes det også en sjanse for at du kan bruke den etterpå?
Takk for tips damer, nå har vi visst okkupert journalen til Konkelimonke!!
Bikini har jeg gitt opp for leeenge siden, de er ALLTID for trange rundt ryggen, og har ikke lykkes å finne noen som er utformet som en BH, med valgfri lengde rundt ryggen. (må ha minst 85 rundt ryggen) Bortsett fra de som skal knytes da, men de er det jo ikke noe hold i, er jo gjernesånne små trekantbikinier det :(
Tankini får jeg IKKE over denne magen, den er svæææær!(ser ut som trillinger eller noe) Men.... nå er det bare 2 mndr igjen, så får vel ikke kommet meg i noe basseng allkevel :)
synd jeg ikke viste om lavkarbo da jeg var svanger:(
har vært gravid 3 ganger og hver gang har jeg lagt på meg 25 kg.
det er noe dritt,iallefall de siste 10-15 kg
Ja, vi får takke for oppmerksomheten og si at vi heier på kokelimonke!!!:D:D
Jeg er hjemme på dag nr to med surklete barn, og igår lagde jeg faktisk pannekaker med sirup til frokost. :eek: Før åtte! Sabotasje! Men hva gjør man ikke for å holde humøret oppe? Idag ble det eggerøre til frokost.
Heheheh! Ser det går i bikini og basengtrening her, det er heilt iorden jenter :) treng jo ikkje kun skriva om MAT heller...
Eg for min del har havna utpå- IGJEN!
Eg forstår ikkje kor viljestyrken min er?
Viljestyrke på storleik med eit atom for tida....
Er liksom flink heile dagen, fram til kvelden kjem og eg går berserk - trykker innpå SKIVE av alle ting! Det er brødet som øydelegg for meg......
Nei og nei og NEI! Og no skal eg på hyttetur i helga........
Så, spm er jo om eg skal utsetta ting til måndag, setta meg ned og planlegga GODT (er alfa omega for min del), eller om eg skal halda same tralten.... Eg kjem jo fanken meg ALDRI i gang skikkelig, og det er pga desse tullete karbisane eg liksom mååååå ha i tillegg for å unngå ketose.......
Jaja, det var dagens;)
Elles er alt berre bra, har vore på kontroll i dag, og eg er så heldig at eg går til ein lege som tek ul kvar gong. Så vetle bebisen sprellar og kosar seg i magen han/ho! Hihi:D
Så har eg fått vidare 40% sjukemelding i ein mnd pga kynnerane mine... Dei er plagsomme og "ømme"... Går seg vel til det òg tenkjer eg.
Eg har det veldig bra altså! :) no ventar eg berre på sjølvdisiplinen slik at eg kan verta überlukkeleg - hahahahahaha:p
Eg skal sei ifrå eg ja, tviler på det vert i dag- men det er jo lov å håpa;)
Me hadde hamburger i grå, guuuuuuuud så godt det var! Nam nam nammmm! Åh, har lyst på i dag òg... * sikle*
Er det verkeleg ei moglegheit at det er MAGEDYRET som tek kontroll? ;);) hadde vore kjekt å hatt noko å skulda på når leverposteiSKIVA ligg godt i magesekken...
Det ER vel litt vanskeligere med denne selvdisiplinen når man er gravid skulle jeg tro?? Jeg har iallefall masssse hormoner som gjør meg til litt av en biatch innimellom, og veien til kjøleskapet er kort....
Skjønner hvordan du har det;)! De første mnd av svangerskapet ble ikke akkurat lavkarbo, gikk på smell etter smell og da som deg på kveldstid spesielt.
Har laget med mye lavkarbo-godis/kaker osv. for å komme meg sånn noenlunde bra igjennom et sykt søtsug. Prøv med jukseloff med syltetøy uten sukker;)! Eller med smør, kanel og sukrin..
Jeg er endelig kvitt søtsuget, så det er håp. Men er nok mye som skjer med kroppene våre med bolle i ovnen. Lykke til videre da:)!
Magedyret har i det minste grunnleggende kvalitetskriterier, det dreier seg om BK og ikke McDo.:p
Og jeg skylder på leieboeren , for dette er det lenge siden jeg har interessert meg for...:confused::confused:
Hva kan det være? For karber hjelper ikke på kvalmen, det har jeg prøvd. Smelteost? Gammel frityr?
Hmm, jeg skrev kvalitetskriterier, men nå lurer jeg...
Gravid eller ikke, spiser man for lite i løpet av dagen, smeller det om kvelden!:eek:;):D
Er ofte der mange slankere går i baret også, og kanskje en av grunnene til at lavkarbo virker. Sulter man seg på dagtid, får man det igjen om kvelden når man er sliten og selvkontrollen er på sitt svakeste!
Spis godt på dagtid og pass på å ha lavkarbo/fornuftige alternativer klare i skap, skuffer og jøleskap, så er det så mye lettere å holde seg til det man bør!
Første svangerskap sultet jeg meg opp 25kg, i det andre koste jeg meg opp 11!:p
Ja, eg må nok berre snu tankebanane litt, for om dette skal halda fram i 5mnd til vil eg enda opp som kval/flodhest/elefant eller noko liknande... Haha!
Men er nok litt leigebuaren si feil òg, for eg har aldri vore så særskild glad i leverpostei, og då særskild ikkje den barnevarianten med ansikt på... Men no kan eg maula utifrå boksen! Og blodprosenten min har gått OPP!!! Hahahaha! Er det mogleg liksom:p ikkje har eg lav prosent heller, så det er jo ikkje noko ekstra behov for jern... Jaja, anyway...
Må nok berre gjera som Fredrikke07 og Kitt tipsar om: ha skap og skuffer fulle av lavkarbovenleg snæks;)
Så, lite oppdatering frå meg dei neste dagane, reiser vekk i morgon. I'll be back på måndag folkens:) goood helg:D
Jeg har en helt vanlig adidas badedrakt i stor str jeg, (str 50 tror jeg). Den er stor nederst fra magen og ned, og egentlig i største laget nå. Så jeg tror den skal passe greit utover. De fleste andre hadde vanlig bikini bare.
Så e det på 'an igjen!
Hehe!
Denne veka som har gått har me logge strak heile gjengen med influensa, forkjøling, diare, øyrebetennelse og det som verre er... det har ikkje vore noko stas, særskild ikkje når alle tre har fått det på ein gong, men no ser det heldigvis ut til at me er på betringens veg samtlege. Eg er framleis ein smule tett i pappen, men det går nok over etterkvart.
Så, det har då ikkje vorte det store sånn på matfronten denne veka, eg har ete det eg har klart å få ned... det har ikkje påverka vekta i nokon som helst retning, så eg har same utgangspunktet for start i morgon :)
For no er det berre til å skjerpa seg altså! Eg har ei veninne som driv med fotografering, og eg har "bestilt time" hjå ho om va 10 vekers tid. Så eg må passa formene for å sei det slik ;) Eg tenkte eg skulle legga litt vekt på trening av rygg, armar og bein slik at det vert litt struktur liksom... eh...
Elles fekk me vite på fredag at det er ein liten gut inni magehuset :) Han er overivrig, spenner og kosar seg verre :) Veldig koseleg, då får me eit barn av kvar sort! Og eg legg forhåpentlegvis berre på meg på magen... er det ikkje det som er "klassisk" - med jente i magen vert ein gravid frå hårrøtene og ned til tærne (noko eg vart med jentungen!) og med gut i magen er det struttemage? Er jo lov å legga inn eit ynskje om at dette stemmer til høgare makter ;)
Så, me preikast i morgon! I dag skal eg laga lavkarbolappar :) Jessdå, all set for tomorrow!
Så gøy med gutt! Begynt å tenke på navn?
Vi får jente nr to vi da, det er jo også koselig, og veldig praktisk med tanke på gjenbruk. Har vært på loftet og funnet frem alle de små bodyene i str 56, rart!
DU får jo en unnskyldning til å ut å shoppe, ikke så dumt det heller :)
Ha en flott dag!
Visste dere det første gang også? Jeg og sambo er enige om at vi ikke vil vite noe. Nesten alle vi kjenner visste/vet, men ei veninne av meg har ikke visst noe med noen av sine to. Og jeg fikk hvertfall bekrefta at min magefølelse ikke stemmer siden jeg hele tida var overbevist om at hun skulle ha gutt gang nr 2. Men så fikk hun ei jente sist mandfag., Men hun var diger da (4,3kg) så kanskje det forvirra meg? :rolleyes:
Vi visste det første gangen også ja, er aaaaaltfor nysgjerrig til ikke å vite kjønnet, hadde ikke klart å vente med det :) Men jeg EIER ikke magefølelser heller, så hadde aldri klart å gjette det selv. Også synes jeg det er litt koselig å kunne kjøpe litt småting i stereotypisk rosa, hehe:)
Jeg er også hysterisk nysgjerrig og generelt verdens mest utålmodige person. Så de fleste (spesielt mamma) fikk sjokk da jeg sa jeg ikke ville vite det :D (Kanskje det kommer av at alle trodde mamma skulle ha gutt da jeg ble født, så mye at hun ikke trodde på at jeg var jente, og at jeg derfor trodde jeg var feillevert og burde byttes inn hele oppveksten?:o)
Men, vi skal ikke på den "ordentlige" ultralyden før om to uker, og jeg har hørt om flere som litt ufrivillig har fått vite det fordi det var litt for midt i siktet :rolleyes: Så vi får se. Men vi vil hvertfall ikke vite det med vilje.
Jeg er nå i uke 36 og har vært relativt stikt igjenom heile svangerskapet. Maks 1 brødskive pr dag. Jeg har spist en veldig masse leverpostei :-)
Jeg har frem til nå gått opp ca 10 kg og har hatt perfekte blodverdier heile tiden.
Men jeg har planlagt at fixte karboturbo siste tiden. Dvs sitte hjemme i badekaret når rierne setter inn med pizza i ene hånden og cola i den andre.
Så morsom lesing :)
Jeg har alltid trodd at den dagen jeg ble gravid må jeg droppe alt av dietter, så nå er jeg letta !!!
Så tøffe dere er som klarer dette gjennom graviditeten :)
Har et spørsmål ang graviditet:
Trener dere som normal????
Nja, det går opp og ned med hvor bra jeg klarer det. Men det er mye linket til kvalme. Når jeg ikke er kvalm går det fint, men så fort jeg blir kvalm igjen går det litt skeis. :o
Jeg trodde jeg skulle trene som normalt, men har fått trøbbel med bekkenet. Så nå trener jeg yoga en dag i uka, og vannaerobic for gravide en dag i uka. Funker kjempefint. Og prøver å få meg en gåtur i helgene.
Ja! Det er suverent med lavkarbo under en graviditet, ihvertfall etter at kvalmen hadde gitt seg for min del.
Har bekkenløsning, men er nå i uke 37 og bruker spinningssyklen med moderat intensitet 3-4 dager i uken og trener styrke, men presser ikke meg selv. Fungerer veldig bra:), lagt på meg snart 8 kilo og babyen vokser fint!
God aften!
Eg skjønar no kvifor eg aldri har fått til dette med blogg og dagbok og slike ting- det sklir ut etter ei stund...
Vel, det går så som så med denne kosten. I dag har eg vore flink då! Eg og min betre halvdel har inngått snopefri-avtale:)
Maten i dag:
Cc med kanel, litt fløyte og stevia.
Eitt egg, litt reker og majones.
Karry kyllinggryte (kylling, sopp, purre, paprika, blomkål, fløytesaus med karry).
Litt kyllinggryte til kvelds, pluss ca 1 dl yoghurt.
Dett var dett for i dag! Kjenner allereie eg er betre i magen og resten av systemet, for det skal seiast at eg har ikkje vore så særs flink den siste tida..... Huff og huff... Men no er det nye tider gitt!
Vekta var i dag heile 73(!!!!!!!!)kg! Og dei siste to kiloane har komt over natta omtrent, så det meste er nok vomfyll og drit i systemet rett og slett.... Jammen på tide å ta sleiva i andre neven ja!
Eg måååå berre legga ut ei "oppskrift" på den gode middagen me hadde i går! Mektig og saftig og smakfull... Nam!
Karry kyllinggryte
Skjer opp blomkål, purre, paprika i passe store bitar. Ha i ein boks hermetisk sopp, evt fersk sopp i bitar. Bland saman i gryte med ca 6-7dl vatn og to kyllingbuljongar. Set til kok. Medan dette koker opp, steik 3 kyllingfiletar i bitar, i litt smør. Krydr gjerne med litt provancekrydder.
Hell ein liten boks fløyte oppi dei kokande grønsakene, ha i dei steikte kyllingbitane.
Smak alt til med ein del karry og litt caiennepepper, evt litt salt. La alt småkoka til grønsakene er møre.
Nyyyyt!
Nam nam :)
No har dagen starta for min del, kjem attende med update seinare i kveld:)
Skal forresten baka lavkarborundstykker i dag, henta frå LCHF bloggen! (om du søkjer på LCHF bloggen finn du bloggen:), eg er ikkje så flink til å legga inn fænsie lenker og slikt her...)
Vekta synte 1kg ned frå i går, så det er tydeleg at kroppen har samla ein del møkk den siste tida... Og nei, det er ikkje eit mål for meg å gå NED i vekt, men å ikkje fyka som ein rakett OPP i vekt pga sukker og anna høgkarboting! Berre slik at det er poengtert liksom;)
Dagen i dag har gått bra, men no sit eg her og har skikkelig karboabstinensar.. Sukk... Lagar meg ein te etterpå tenkjer eg!
I dag:
Cc med kanel og litt stevia.
2 rundstykker, eitt med ost og paprika, eitt med leverpostei og majones.
Ei banan.
Hamburger utan brød (salat, tomat, litt mais, raudlauk, eit par sylteagurker, dressing og to hamburgerar med ost på).
Ein halv desiliter ananasjuice i farris.
Eit rundstykke med leverpostei og majones.
That's it. Og meir skal det IKKJE verta i dag, anna enn te!
Ei skål karrykyllinggryte (restar etter middagen på måndag).
To rundstykker med leverpostei, makrell i tomat og majones.
Ei banan.
Ein og ein halv kyllingfilet, ei ss rømme, litt brokkoli.
To ts rømme med eplesyltetøy til dessert.... Eh...
I dag er eg sliten... Fekk nesten ikkje sova i går pga heftige kynnera, så endte med at eg tok meg ein paracette...
I dag har eg hatt masse kynnera, men har no fått gjort litt ryddings her...
Så, no skal eg ligga på sofaen resten av dagen trur eg, sliten overalt...
Dagen i dag har gått bra den òg:) må sei eg er flink no når eg fokuserer på andre ting enn alt eg ikkje kan eta liksom, men tenkjer på alt det gode eg KAN eta!
Dagens:
Eitt rundstykke med leverpostei og majones.
Cc og litt sukkerfritt jordbærsyltetøy (12g karbo per 100g).
Ein halv pakke fårepølsa med litt rømme (jadå...men eg måtte ha noko i magen og fårepølsa er jo såååå godt:)).
Bacon,sopp og purre i fløytesaus og litt brokkoli.
No drikk eg ein herlig kopp te!
Har hatt litt diare i kveld, veit ikkje kvifor... Anyway, no skal eg laga meg knekkebrød eg skal ha med meg til ho mor i helga, slik at eg ikkje kjem "i knipe" på noko vis og sklir ut av opplegget!:)
Ha ein finfin kveld alle saman!
Ps. Kveldsen i kveld vert endten ei halv banan, eller cc, eller yoghurt...
Jo, sånn når ein ikkje veit kor gamal den er så... Eg kjøpte denne pakken i går, så eg trur nok det er okei :) hadde den derimot vore open i kjøleskapet ei veka hadde eg styrt unna...
Kan ikkje vera heilt fanatisk heller.... Det er iallefall min filosofi;)
Jeg tror min kjære jordmor nevnte at hvis jeg la salamien i fryseren først, så ble den "lovlig". Jeg håper iallefall det, for nå har jeg spist en pakke snart :)
Bigmum: trur nok det skal gå veldig bra eg! Eg et røykjelaks om den har vore i frysen, og det går jo mykje ut på det sam. Uansett, hadde eg hatt salami hadden den forsvunne like raskt som fårepølsa! Hehe! Det er jo sååååå godt ;)
I går kveld laga eg meg knekkebrød heilt utan linfrø og kruskakli - milde måne kor gode dei vart! Litt porøse, men akk og vesann! Så i saman med rundstykka har eg no funne to knallgode alternativ til brød! JIPPI!
No driv eit egg på på komfyren, så vert det knekkebrød med baconost og egg på til frukost... sikle
Vekta stoppa i dag på 72kg, og eg er nøgd med opprenskinga eg har gjort i kroppen denne veka! Føler meg MYKJE betre, prompar sjeldan, ikkje oppblåst og magen er ikkje i ulage lenger - suuupert!
Ah, no står helga for tur. Trur det skal gå bra, eg har jo tross alt ein kakeboks med knekkebrød med meg ;)
Håpar de får ei strålande helg alle saman!
Har forresten kikka i dei gamle svangerskapspapira mine, i veke 20 sist, hadde eg lagt på meg 5 kg og vog då 78kg... Trur nok at med 6kg mindre utgangspunkt denne gongen, og betre fokus, så skal eg nok ikkje fyka opp ein kilo i vekanslik eg gjorde etter veke 20 sist... No er eg straks 21fullgåtte veker og no er det 5kg i pluss. Trur dette går strålande om eg keep up the good work!
Jeg har også holdt meg helt unna for å være helt på sikre siden, det er så kort del av livet at det klarer jeg fint;)! Men det er jo opp til hver enkelt:)!
Om ikke flyturen er for lang, du holder deg i skyggen(ikke steker magen) og ikke bader i hotellbasseng, bør det ikke være noe problem!
Ja, og så kan du ikke spise salat eller annet som KAN ha vært i kontakt med jord eller ................:p
Vet du, syns du skal snakke med jordmor/legen som følger deg opp, jeg! Får du ok derfra, bør det da ikke være noe i veien for en rolig ferie på den tiden!
Spekemat og rått kjøtt advarsler til gravide er pga mulig smitte av toxoplasmose, som dersom du ikke har hatt det før graviditeten kan gi fosterskade.
Jeg som alltid har plukket opp løskatter, kost alle hunder, hester, kuer og geiter som bare ville stå litt stille har hatt det og utviklet antistoffer, så jeg kan spise parmaskinke hver dag om jeg vil :D. Og rått bacon, tartar. Blodig biff er faktisk mindre farlig siden smitten foregår på utsiden av kjøttet og den jo er stekt.
Jeg var i italia i uke 29-32 i forrige graviditet og det verste som skjedde meg var et snev av urinveisinfeksjon, siden man faktisk ikke skal gå rundt med vått badetøy:o. Derimot var opplevelsen på apoteket uforglemmelig, der jeg og mannen i disken står med hver vår ordbok og forsøker å gjøre oss forstått. Jeg fant ikke noe som dekker tranebær i parløren og endte med å kjøpe c-vitamin brusetabletter, som også gjør urinen surere... Og det gikk helt fint etter en dag i leiligheten med tøfler og lesing helt i fred...:)
Syden kommer litt an på definisjonen, hvis du drikker flaskevann og velger trygge alternativer i matveien tror jeg det går greit.
Jeg spiser også sushi, som ikke er kontroversielt i Norge, fisken har vært frossen, mens den tiner er den mye letter å skjære. Men holdt meg unna tunfisk, som er høyt i næringskjeden og et eldre eksemplar kan ha endel kvikksølv.
Det høres jo ut som en ganske kjedelig sydentur da :o Ikke bade i hotellbasseng :hylgrine: Siden det er mai er det nok ikke varmt nok til å bade i sjøen. Men fordelen er at det ikke er stekvarmt heller. Vi drar evt til Palma på Mallorca. Så da får vi tulse i byen når jeg ikke kan bade :ja:
Jordmora mente at så lenge ting er som nå (blodtrykk osv) så var det ikke noe problem. Men tenkte kanskje noen hadde erfaring.
Spekematforbudet er vel pga Listeria? Den er man desverre ikke immun mot.
Hvordan merker man egentlig at man har fått i seg toxoplasmose eller listeria?? Jeg har jo funnet ut at parmesanosten jeg har spist MASSSSSSE av ikke er pasteurisert!
Parmesan er kokt i saltlake, jeg hadde ikke bekymret meg!!
Altså den tåler et par uker på benken, kjøleskaper er ikke det eneste som holder den frisk. Parmesan var reisemat i middelalderen, altså dengang man gikk til fots over alpene...
Toxoplasmose er omtrent som influensa, antistoffer er en av rutine-testene i starten av graviditeten. Hvis du har vært hos legen allerede står svaret på arket du har med til kontrollene. Toxoplasmose er forholdsvis sjelden i Norge, mens i Danmark har omtrent halvparten av gravide allerede hatt sykdommen og blitt immune før de får barn.
Toxoplasmose skal du ha fått beskjed om du er immun mot (hvis du er oppvokst med dyr er du sannsynligvis immun). Jeg er immun, det ble sjekket på en av de første legesjekkene, samtidig som blodtype be målt.
Hei
Dette er ikke noen form for kritikk, så jeg håper ikke du blir støtt av det. Men jeg lurer på hvorfor du absolutt skal ha jenta til å spise opp det ho får på tallerken sin? Alle kan man ha perioder der matlysta ikke er på topp, tenk om noen skulle tvinge deg til å spise mer når du egentlig ikke har lyst på mer. Jeg har tre barn og tre stebarn, de får spise til de er passe mette. Jeg tror at det er lurt å lære barn fra de er små at de bare skal spise seg passe mette, overspising er et problem i dagens samfunn, de trenger ikke lære å proppe i seg etter at de er mette. Men jeg prøver heller å lære dem å forsyne seg sånn passe. Du skriver at ho får sånn passe på tallerken slik ho alltid har fått, men spiser du nøyaktig mengde mat hver dag? Alle mine unger har perioder der de spiser lite, andre perioder der de spiser mer. Men det må jo være også et barns rett å si at nå er jeg mett, selv om det spiste mer en annen dag.
Du lurer også på hvor kommer dette fra, og at det ble sånn etter pappahelga. Jeg tror ikke dette har noe med faren å gjøre, men er en naturlig del av hennes liv. Slik har det i allefall vært med alle mine unger, og alle de ungene jeg kjenner til. Min erfaring er at jo mer styr man lager rundt mat, dess vanskeligere forhold får ungene til maten.
Vær heller glad for at jenta har magemål og ikke er som datteren til min venninne som spiser og spiser og spiser og spiser.... Med det resultat at ho er trillrund.
Må legge til at mine foreldre dreiv på sånn med meg da jeg var liten. Det utviklet seg til en årelang kamp som gjorde at jeg til slutt utviklet et så vanskelig forhold til mat at jeg ble underernært og så ut som en belsenfange. Det har brent seg fast i sjela mi enda den dag i dag, og jeg er 41 år, jeg kjenner det knyter seg i magen min når jeg hører foreldre si at barna må spise opp det de har på tallerken.
Samme bakgrunn og jeg ble feit i stede for. Eier ikke metthetsfølelse, for den måtte jeg undertrykke i så mange år!:o
Kan spise og spise og spise og så lenge det er noe igjen på tallerkenen, spiser jeg!:p
Her i huset må ingen spise opp maten sin!
Heller ikke ment som noen vond kritikk fra meg. Men fikk gode kunnskaper om dette da jeg skrev en stor oppgave om det den gangen jeg gikk på høgskolen, (før jeg fikk barn selv).
Og jeg ser at det jeg lærte den gangen også fungerer i praksis. Ikke tving barna til å spise opp, det blir negative følelser rundt mat, og det er heller ikke bra fysisk! Og jo mer naturlig adferd man har rundt mat og måltid, jo bedre vil det fungere. Det er svært viktig å ha ro og en naturlig "atmosfære" rundt måltider. Trusler, kjefting, mas, altså negativ oppmerksomhet er faktsik det verste du kan gjøre på alle måter!
Vi er som tidligere nevnt her forskjellige, fra dag til dag, periode, til periode osv, med hva vi ønsker å spise, når vi skal spise og hvor mye.;)
Har ikkje vore på nett på ei stund, ser det har vore aktivitet her inne:)
Når det kjem til dette med middagsetinga til jentungen, gjer eg det fordi eg VEIT ho ikkje er mett, men det heller er "fakter", om eg kan kalla det det. For OM ho får sleppa, går det fem minutt og ho vil ha kvelds. Med mindre det er noko ho liker ekstra godt til middag, det går ned på høgkant, og ho venter ei god stund før svolten melder seg. Så, eg veit av årelang erfaring at det berre er snakk om "eg liker ikkje dette her, difor vil eg ikkje ha, men eg vil ha kvelds"... Uansett, godt tips å la ho forsyna seg sjølv! Det skal eg prøva ut:)
Og nei, eg tek det ikkje som kritikk på nokon måte, men som synspunkt:)
Eg har sjølv vokst opp med at det me har på tallerken skal etast opp. Men eg kom jo no på at ja- me forsynte oss sjølv:) det har eg rett og slett ikkje tenkt på. Og eg har aldri hatt nokre negative tankar kring dette i oppveksten heller... Men me er jo alle ulike:)
Uansett, no er jentungen såpass stor at ho kan forsyna seg sjølv, men regelem må då vera at tek ho maaaaasse sopp, så skal jo då ta like mykje av det andre.
Anyway, sånn matmessig har det gått heilt okei dei siste dagane. Eg har vel vore nokon lunde lavkarbo.
I går åt eg veldig lite då, vil eg sei. Det vart no berre slik.
Frukosten bestod av cc og litt sukkerfritt jordbær, og så kom eg reett og slett ikkje på at eg måtte eta før middagen klokka 17... Ehem... Då åt eg to tacolefser med tilbehør.
That was it. Men men.
I dag har eg ete to lavkarboknekkebrød med pålegg til frukost, deretter ein bigbite då me var på farten, og torsk, sopp og litt brokoli til middag.
Ikkje så mykje det heller, men eg skal ta meg ei banan når innlegget er posta:)
Vekta held seg på 72kg, så eg er nøgd. Var på svangerskapskontroll i dag, jentungen var med meg:) eg har ein lege med ul-apparat på kontoret så det er vanleg at eg hoppar opp på benken kvar gong. Jentungen syns det var kjekt å sjå guttebassen i magen:)
Eg håpar de får ein flott kveld! Har vore litt sur stemning her i kveld, så no er gubben på rusletur ute, jentungen er i seng og eg sit i ein stol. Er ikkje alltid det kan vera like god stemning:p
Hotellhelg denne helga, og det er fullt mogleg å vera lavkarbo! Jippiii! Det vil sei, eg åt litt dessert i kveld, men skal halda meg til frukt i morgon... Kjenner alt sukkeret ikkje er bra...
Så, lite oppdaterings denne helga... Men god helg alle saman!
Ja, då var me komt heimatt etter helg på hotell. Har vore ei heilt ok helg, då jentungen ikkje har vore heilt på topp. Uansett, når det kjem til maten har det gått overraskande bra. Til frukost og middag har eg holdt meg unna potet, pasta, ris og brød, men eg har ete litt dessert og frukt.
Det vil sei, til frukost i går åt eg eit rundstykke...
Vekta stoppa i dag på 72,6kg, og eg reknar med det meste er vomfyll rett og slett.
Gler meg til å starta skikkelig att i dag jah!
Byrjar dagen med ein kopp te, eg og jentungen skal straks eta frukost.
Elles er eg 2 veker 100%sjukemeld pga desse herrsens kynnerane... Om dei ikkje roar seg noko nevneverdig sa legen at det mest sansynleg ikkje vert så mykje meir arbeid dette svangerskapet... Utruleg ergerleg altså... Har jo gått rundt med desse kynnerane som berre har eskalert i styrke og mengde sia veke 13 no... Men, det beste er å lytta til kroppen sine signal, og per i dag er det uaktuelt med jobbing (barnehage) då det er ekstremt lite/ingenting som skal til før kynnerane set igang... Vonde er dei òg...
Vel, vel, eg får berre bruka tida på å pusta støv av gamle kunster som har logge litt på vent desse siste åra:)
Oppdatering kjem seinare i dag, ein goood dag til alle!
No må eg strekka ut og pusta vekk ei heftig kynner her... Sukk...
Dagens:
Cc med litt fløyte, 4 jordbær frå frysen varma i microen...
Eit lavkarborundstykke med leverpostei, majones og agurk.
1,5 stk kyllingfilet med bacon rundt, litt grønsaker og soppsaus.
4 druer.
Til kvelds vert det nok litt banan og yoghurt... Nam :)
Lavkarboforumet er i en flytteprosess, denne versjonen av Lavkarbo.no er fortsatt under utvikling.
Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.