< Tilbake til oversikten

Trilles glade lavkarboliv

#1

Trille sa for siden:

Så er eg i gang igjen. Etter å ha vært kjempeflink nesten fedonar i veelllldig lenge ( - 18 kg) , var det ikkje meir enn ein kort sommar og altfor mange karbohydratar (vin, sjokolade, is, pa,ta, godt brød og pommes frites.....) så rant kiloane på gitt (+7) ... Så nå er det tilbake på den rette vei igjen...

Det er godt å vera i gang med skikkelig mat igjen. Nesten-fedon passar meg egentlig veldig bra, og er vel det kostholdet som passar meg best og som det går an å leva på i lengden for meg.

No er det fredag, og me skal til å laga tapas. Favoritten her i huset. Med litt tilpassing, med bla oste-nøtte-muffinsane som eg har funne oppskrift på her som brød så blir det veldig godt... Etterfulgt av rødvin og mørk sjokolade er det ei perfekt start på ei ny helg

Det er veldig interessant å lese fra lavkarbo.no. Mykje spennande og gode tips. Og så er det så mange som er aktive. KJekt. Var ei tid innom forumet på fedon, men det var det heilt dødt. Etterkvart skal eg koma i gong med å skriva kva eg et og slikt, men dette er den offisielle starten.

Så god helg alle lavkarboarar
:)


#2

Lemen sa for siden:

Hei!

Ville berre sei velkomen med dagbok eg, sjølv om eg ikkje har vore her så lenge sjølv... ;)

Lykke til! :)


#3

Trille sa for siden:

Ser at eg har klart å leggja den inn to gonger... Hm.. Finn ikkje ut om eg kan sletta ein av dei..Nokon som veit???



#5

Trille sa for siden:

:p Første veke på lavkarbo er over og i morgon tidleg blir det opp på vekta og sjå om det har gitt resultat.... Har vore på vekta ein gong og smugkikka og sett at det går riktig vei..

Det går egentlig ikkje så verst på lavkarboen, sjølv om eg i periodar berre vil eta mørk sjokolade og nøtter (og pommesfrites, men det kan eg lata som eg ikkje har lyst på ei lita stund). Har begynt å jobba ein ny plass og der har dei salatbar i kantina. Det gjer lunsjen veldig lett, sjølv om det varierer kva dei har i lunsjbaren.

Pleier å bli veldig einsretta og eta det same heile tida. Prøver sterkt å hindre dette denne gongen. Eg veit jo at det er fort å bli lei, men det er liksom så enkelt og godt også forsåvidt å ete det same heile tida. Ein periode åt eg for eksempel nesten berre makrell i tomat til lunsj. Nå vil eg nesten spy av det:eek:

Er det nokon som har kjappe og sunne middagsrettar å foreslå? Er så sulten når eg kjem heim frå jobb og treng noko som går superraskt. Ideear??

Nei, god natt alle lavkarboarar


#6

Borealis sa for siden:

Wok m/f.ex kyllingstrimler går jo ganske fort, da?
Er Lindberg in spe selv, så jeg er litt på famlende grunn.
Men har tenkt å lese MYE mere, og finner kanskje flere raske middagstips da...
Lykke til videre!:)


#7

Trille sa for siden:

Minus tre kilo første veke!! Er fornøyd med det:p Så gjeld det berre å forsetja i same spor..
Ang middagar så tar det ofte så lang tid å lage... Og eg slit litt med gode middagstips. Wok er godt, og me har det fleire gonger i veka i diverse variasjonar.. I dag var det wok, bittelitt fersk pasta og ovnsbakt pestomarinert steinbit. Godt det også, men litt tid med fisken...

Då eg eg klar for ei ny veke... Har vært og godt trimløype i kveld. Bør komma i gong med meir trening, men til nå blir det nokre gå-turar.


#8

Trille sa for siden:

Innbiller meg sjølv at eg eter sånn nokolunde etter Fedons prinsipper. Skriver ned kva eg har ete i dag. Kom gjerne med kommentarer om de ser "feil"

Frukost: 2 små lindberg-mix skiver med godt med skinepålegg + cottage cheese.
Mellom: Nøtter + eple
Lunsj: I dag ikkje så bra, enda med å ete focaccia med ost og skinke. Men, vanligvis pleier eg å ete salat fr kantina med kylling og egg, og somregel litt bønner (ikkje alltid det er bønner i salatbaren).
Mellom: Nøtter + Cola Light.
Middag: På tapasbar, ikkje brød, berre kjøtt og ost og grønnsaker.

:ku:


#9

Georgine sa for siden:

Anbefaler deg å kjøpe boka Lavkarbo - raskt og enkelt hele året. 365 forskjellige oppskrifter på alle typer måltidet :)


#10

Trille sa for siden:

Er boka tilsalgs i vanlige bokhandlarar??


#11

Georgine sa for siden:

Jeg kjøpte den på en nettbokhandel, men det burde ikke være noe problem å be en vanlig bokhandel om å bestille den til deg :)


#12

Trille sa for siden:

Boka er kjøpt så nå blir det fart på middagane. Der veldig fin ut.Dei hadde ho på Nordli.

Til middag i dag har eg forresten hatt meksikansk (karbonadedeig, ost, rømme, salsa og salat med bønner) etter ei oppskrift som eg har sett her i forumet. Brukte taco-krydder på kjøttet i stadan for dei ferdige krydderpakkane som er pleier å bruka. Har ikkje tenkt på at det er mange karboer i krydderblandingen, men etter at eg leste det her på forumet såg eg jo på pakken at det stemmer.

No er det helg og mørk sjokolade og nøtter er kjøpt inn. Får lesa gjennom kokeboka og planleggja middagar i neste veke.


#13

Trille sa for siden:

Nesten ingenting er så kjedelig som å gå ned igjen dei kiloane ein allerede har gått ned, om de skjønar kva eg meiner... Men heldigvis så går det rett veg mo. Eg prøver berre å la vera å tenka på det :confused:

Det blei ett kilo mindre denne veka og eg har klart å ta av fire av dei sju ! kg eg la på meg sidan i vår. Det er jo ikkje så verst... Håpar eg klarar å halda 0.5 - 1 kg i veka dei neste månadane.

Eg kjøpte lavkarbo-kokeboka som eg fekk anbefalt. Mange gode oppskrifter. Den blir god å ha når fantasien sviktar. Tusen takk!

Då er eg klar for ei ny lavkarbo-veke.


#14

Georgine sa for siden:

Se her går det unna ja :)

Så bra at du har nytte av boka.. Det er i grunn veldig greit å kunne finne seg en oppskrift der og slippe å vri hjernen etter noe nytt :o


#15

Trille sa for siden:

Irriterande... :mad:
Ingen kg ned denne veka. Det er kjedelig og tar på motivasjonen, men eg gir meg ikkje, så eg står på.

Trur eg et sånn passe riktig Lindberg, men eg må kanskje setja meg ned og lesa litt omigjen om eg ikkje går ned neste veke heller.

Eg har ikkje komme i gong med noko særlig med trimming enda. Går litt tur, men ikkje så mykje å skryta av. Det får bli det neste målet, men skal snart ha ferie så det får bli etter det.

Nå er det heldigvis helg! Skal bort både fredag og lørdag, men søndag er det middag frå den nye lavkarbokokeboka.:)


#16

Trille sa for siden:

Då er eg tilbake med journalskriving. Tenk at det er halvtanna år sidan eg starta med journal, og nesten to år sidan eg var på nettsida lavkarbo.no for førse gong. Tida går;)

Har i mellomtida vore gravid og har no ei lita dotter på vel 3 månader. Åt lavkarbo i deler av svangerskapet, men var mykje kvalm, og då blei det eindel kjeks og brød med smør.:eek:

Har nå levt på Fedonkost sidan jul og har tatt av 6 kg:D. Det betyr at eg er tilbake på like mange kg som før eg vart gravid. Men eg har framleis mange kg eg kunne tenkt meg å bli kvitt, og trur det blir vanskelegare no. Derfor startar eg opp med journal igjen for å halda motivasjonen oppe.

Håpar å liggja på ein vektnedgang på ca 1/2 kg i veka.

Det var alt for denne gang. Kjem sterkare tilbake.

Til middag i dag blir det forresten asiatiske fiskekarbonader, inspirert av ei oppskrift eg fann her inne


#17

Trille sa for siden:

Ei ny veke er over. Eg har "offisiell" veiedag om fredagen, men snikveier meg nokre ganger gjennom veka også. Vekta viste 400g meir i dag enn i går, men likevel "offisielt" ned ca 500g denne veka, så eg er fornøyd:)

Eg har målt meg denne gangen og ser at også cm minkar. Det er godt å ha cm å sjå på når kiloane stoppar opp. Sånn på snitt så betyr ein kg ned, også ein cm mindre rundt livet hos meg.

Men, ang livvidden så er ikkje den tilbake der den var før graviditeten, sjølv om eg no veg (litt) mindre:confused: Eg har store planar om å begynna med styrketrening, enten heime eller på senter, men det har så langt blitt med tanken. Eg trur eg lar styrketrening blir forbedringspotensial for neste veke:D Får starta med trening heime, og så over på treningssenteret på jobb etterkvart. Eg er forresten ganske flink å gå på trilletur, og er ute minst 1 t kvar dag.

Er forresten snart ved første delmål og har då lova meg sjølv ein time med ansiktspleie. Gledar meg til det og håpar eg når det før påske.

OPPSUMMERT:

  • Begynne med styrke- og magetrening neste veke

#18

Trille sa for siden:

Målet denne veka er å starta med enkel styrketrening heime. Spesielt treng eg å trena magen etter graviditet og keisarsnitt, men styrketrening skal jo og vera bra for vektnedgang. :o

Treningsopplegget skal gjennomføras minimum tre ganger i veka:D

  • 10x2 knebøy
  • 10x2 strekke motsatt arm/fot (lange ryggstrekkere)
  • 10 situps rette
  • 10x2 situps skråstilte
  • 10x2 beina like over bakken ut/inn
  • 20 skyt katterygg
  • 10x2 løfte hele foten (innside lår)
  • Ligg rett og med armene over hovudet og vær stolt:oDå har eg lagt på gulvet og funne frem til et treningsprogram som kan fungera. Er det nokon som har ein kommentar og tips så tar eg gjerne i mot med takk:o

Gjennomført:
Mars: 5. 7. 10. 12. 15. (:o 1. premie)
Premie for kvar femte gong:o


#19

Trille sa for siden:

Først vektnedgang; - 300 g Kunne godt tenkt meg litt meir, men det er jo likevel 7,3 kg sidan nyttår så eg er fornøgd likevel.

Så innestyrketreninga; eg blei jammen støl etter første gjennomgang. Måtte ha ein dags pause, men i dag skal eg til pers på gulvet igjen.

Me skal ha besøk i helga og skal laga tapas til i kveld. Tapas er veldig god lavkarbomat, samtidig som det ikkje lyser "slankemat" lang vei.

Mål for neste veke er egentlig berre å halda fram med styrketreninga + gå trilleturar som før:)


#20

Nillomien sa for siden:

Trilleturer funker supert vettu=)
Prøver å gå en tur hver dag med guttene.. dytter de i vogna og går og går.. hehe... Digg.. Men er ikke så veldig flink.. men jeg skal bli.. smiler


#21

Nillomien sa for siden:

Flink du har vært til å gå ned foresten.. gratulerer


#22

paprika sa for siden:

Så god du er! Jeg synes 7,5 kg siden nyttår er gullegodt, jeg. You go girl:heia::heia:


#23

bibi sa for siden:

Jeg kommer innom journalen din for å hilse på... :blomster:

Synes du har vært kjempeflink - du har jo gått ned mye allerede!

Ønsker deg en fin lørdag! :klem:


#24

Trille sa for siden:

Så hyggelig med så mange besøk i journalen:) :)
Eg er jo også fornøyd med det eg har gått ned, sjølv om eg alltid vil det skal gå fortare. Håper å kunna fortsetja med ein vektreduksjon på 500g i veka. Det er nok passe sidan eg ammer også.
I helga hadde me besøk, men klarte å eta ganske som planlagt. Rett nok blei det svært mykje mørk sjokolade lørdag kveld og mange mandlar brent med paprikakrydder og salt, men det kunne gått mykje verre enn det...:D


#25

bibi sa for siden:

- stikker innom her igjen for å ønske deg en fortsatt fin mandag!


#26

Trille sa for siden:

-500 g denne veka. Og endelig så har eg plassert under den magiske grensa.
Denne veka har egentlig gått veldig greit. Elskar havregraut til frokost. Brukar 1 dl havregryn og blandar med rikelig cc og ett egg. Toppar med kanel, blåbær og litt frø og nøtter. Kjempegodt:D
Neste veke blir nok litt verre. Då er det påske og me får besøk. Har tenkt å prøva å laga marsispan. Ellers så blir mørk sjokolade og nøtter redninga når påskesnopet skal etast.
Målet for påsken er dessuten å halda fram med trilletur og innestyrketreninga sjølv om det er ferie.


#27

bibi sa for siden:

Gratulerer med vektnedgang!!


#28

Gamlemor sa for siden:

Gratulerer, og heia deg! :heia:


#29

Trille sa for siden:

Huff.. Det blei mykje glede og lite lavkarbo i påsken... Tar nokre litt strenge lavkarbodagar før eg går på vekta igjen og håpar at eg ikkje må hengja med alt eg åt så veldig lenge.
Men, det positive er at me var ute og gjekk tur kvar dag, så satsar på at om nokre dagar så er påskekosen ute av kroppen. :D
Det er litt kjedelig med alt snøen som er komen. Trilletur er litt keisamt når det er så mykje snø, men me må no koma oss ut i dag også.
Mål for veka:

  • Få bort karbosuget igjen
  • Fortsette med innestyrketreninga
  • Trilleturar

#30

paprika sa for siden:

Ser ut som du har klare planer og gode mål. You go girl!


#31

Trille sa for siden:

Eg måtte gå på vekta. + 2 kg:( At det går an... Men det var jo ein fin påskeferie, så takk for støttende ord, Paprika.
Og no er eg også søtsjuk igjen. Kjedelig... Det gode er at eg veit kva som fungerar, men duverden så lett det er å havna på karbokjøret...
Har ikkje vore tur i dag, men skal ta styrketreninga grundigt i kveld.


#32

Trille sa for siden:

Endelig tilbake på minussida etter påske!! - 300 g fra siste vegedag før påske.
Det blitt litt mindre innetrening og litt færre trilleturar enn planlagt. Neste veke skal bli bedre.


#33

supha sa for siden:

Innom og hilser jeg. Vurderer å kjøre Fedon selv. tenkte jeg skulle prøve ketolyse litt til bare.

God helg


#34

Trille sa for siden:

[LEFT]Ingen nedgang denne veka. Skal reise bort i helga, så det blir vel ikkje heilt lavkarbo, men det får gå så det går... Det kan uansett ikkje gå verre enn i påsken, og (u)heldigivis så er jo helga egentlig berre to dagar.

Gjekk forresten halvannan mil her ein dag... Ikkje verst...

Har ikkje målt meg på lenge, og fann ikkje målbandet når eg no skulle sjekke måla. Det har definitivt skjedd noko med antall cm.

God helg alla lavkarboar:o

[/LEFT]


#35

bibi sa for siden:

Ønsker deg en fin fredag videre - og god helg til deg også!

:klem:


#36

Trille sa for siden:

Uff det går litt tregt for tida...
Pluttselig har eg ikkje det minste lyst på lavkarbomat, men derimot sjokolade, ferskt brød, muffins osv osv... Kjedelig... Kva skal eg gjera for å finne tilbake til den gode lavkarbolivet?
Har tatt nokre dagar og ete vanlig brød, litt pasta og slikt, men problemet når eg eter litt raske karbohydrater er at eg berre får lyst på meir...
Hm, har ete som eg skal i dag. I tillegg har eg gått tur i over 2 timer...
Satsar på at morgondagen blir bedre:)


#37

Trille sa for siden:

Hm...
Det har gått litt betre... Har ikkje gått ned noko, men er tilbake på lavkarbo-light... Det blir ganske mykje reising i mai (bla ferie i 2 veker i syden + ei veke heime hos mamma) og eg har ikkje motivasjon til å fylgja så streng lavkarbo i perioden. Har som mål å ikkje leggja på meg...


#38

Trille sa for siden:

Uff... Kvifor slurvar eg og går over til høgkarbo når eg veit kva som skjer.... Kiloane berre rasar på i takt med aukande karboinnhold... At eg aldri lærer. Halvannan månad med ferie, diverse besøk etc har satt sine spor. Men, nå er eg tilbake på lavkarbo. Problemet er at når eg er inne i ein "god" periode, så skjønar eg ikkje kvifor det er noko problem å eta lavkarbo. Men, så pluttselig så er det som karbotrollet tar meg og lokkar meg utpå... Og så våknar eg etter ei tid (seks veker og + 5 kg!! denne gangen!), og då er det så vanskelig å ta seg inn att. Men, no er eg på gli igjen, og har fått bort 2 av kg på dei første dagane, så noko av det var vel berre vatn også. Kjenner forresten at kroppen har godt av lavkarbo. Har meir ubehag i magen + vatn i kroppen når eg er på karbokjøret... Så derfor... karbotrollet vik frå meg


Lavkarboforumet er i en flytteprosess, denne versjonen av Lavkarbo.no er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.