Mariann S sa for siden:
[LEFT]Fiskesuppe; med torsk, reker og krepsehaler.
1,25 liter vatn
2,5 fiskebuljongterningar
1 pk fløte
1 boks creme fraiche
2-3 fedd kvitløk
200 g sellerirot
100 g purreløk
100 g gulrot (kan sløyfes)
Safta av 1 sitron
2-3 ts (minst) dill
seltinsalt
pepper
Kok opp vatn og fiskebuljong. Ha oppi fløte, creme fraiche og kvitløk (pressa i kvitløkspressa).
Lat dette putre ei stund, minst 30-40 minutt. Suppa tjuknar mens den får putre og koke,
du treng ikkje ha oppi noken form for jevning.
Trekk fisken på forhånd (10 minutt i kokande vatn). Skjer gulrot og sellerirot i stavar og purren i smale
skiver. Steike/surre grønsakene i smør. Haes i gryta og lat det koke med ei stund. Press sitronsaft oppi.
Ha oppi fisk, krepsehaler og reker rett før servering i varm suppe. Reker og krepsehaler må ikkje koke,då
blir desse seige.
Salte og pepre etter smak. Ha rikelig med dill oppi.[/LEFT]