Mariann S sa for siden:
[LEFT]Dagens middag - kyllinggryte, nam nam :)
Mektig og god gryte ja, servert sammen med
salat, raspa gulrot og masse paprika :)
Oppskrift:
1/2 liter kjøttbuljong
1 pakke kremfløte
1 boks creme fraiche
4 kyllingfiletar
1 stor, raud paprika
1/2 boks babymais, kutta i mindre bitar
7-8 aromasopp
en passe bit av en purreløk
1 lita gulrot
salt, pepper og karri
Kok opp buljong, fløte og CF, og lat det koke ei stund. Del paprika, purre og gulrot i bitar/stavar, og fres dei i smør i steikepanna.
Soppen kuttar du også i skiver og freser i smør. Pass på, sopp drikk smør.... ha berre litt i steikepanna i gongen og lat soppen
vere romtemperert, då drikk den ikkje so mykje smør. Salte og pepre soppen når den er ferdig steikt.
Del kyllingfiletane i passe bitar og steike dei ved middels varme i smør. Salte og pepre.
Ha grønsaker, sopp og kyllingfiletar oppi sausen, og lat det putre litt i lag.
Krydre med karri etter smak. Kjenn etter om du treng meir salt og pepper.
Nyyyt, den vart knallgod :)[/LEFT]