< Tilbake til oversikten

Den største utfordringa - noko godt å ha pålegget på

#1

Mithila sa for siden:

Dette er året då sambo og eg vil prøve å få barn, og eg veit at det eg bør ned i vekt. Eg starta friskt med lavkarbo for eit år sidan, og det det gjekk greit fram til sommarferien, men med feriedagar og seinare start i ny jobb sklei alt ut. Nå har eg gått opp i vekt, og mageproblem og hovudverk er tilbake.

Mi utfordring er lunsj på jobb. Me har ikkje kantine, så eg må ha med niste. Eg vil gjerne ha noko å legge pålegg på, så eg håpar at DU kan leggje ut den brød/rundstykkeoppskrifta du er mest nøgd med. Eg tåler ikkje nøtter/mandlar. :)


#2

Mithila sa for siden:

hmm, kanskje eg la denne på feil plass? Kan nokon evt. flytte tråden? Takk :)


#3

Bik sa for siden:

Jeg liker best rundstykkene til Hexeberg som står i boka om frokost og lunsj. (Har sikkert ikke lov å legge den ut her)

Når det gjelder brød, så er Karins "Mitt aller beste brød" et kjempegodt brød.


#4

Carisma sa for siden:

Jeg syns pålegg er best å ha under pålegget jeg :D. Ost og skinke ruller f.eks, eller egg med rekesalat.


#5

smgj sa for siden:

Salatblader kan også brukes som "påleggsholder" der det trengs.


#6

langaard sa for siden:

Jeg bruker også salatblader, hjertesalat er super brøderstatning:D


#7

Bik sa for siden:

Jeg bruker også tykke skiver ost, men på jobb blir det gjerne rundstykker, knekkebrød eller brød(lavkarbo selvfølgelig :))....så slipper man en del kommentarer ;)


#8

Mithila sa for siden:

Det med salatblad var jo lurt, det har eg ikkje tenkt på ein gong! Men til de som et rundstykke/brød, har de ei god oppskrift de vil/kan dele? :)


#9

Furine sa for siden:

Toler du graskarkjerner og sesamfrø? I går laga eg ein miks heime, alt berre på slump, med egg, fløte, litt raspa ost, kokosmjøl, fiberhusk, pofiber, litt søtt, litt salt, graskarkjerner og sesamfrø knust i stavmiksarboks, blanda saman, litt vatn oppi til røra var litt tjukk, men samtidig blaut, og hadde utover bakepapirkledd steikeplate, la plast over, og trykte utover med hendene, eit par cm tjukt. Steikte på ca 200 grader 10-15 min (følg med). Eg gløymde å ha i olje, men det gjekk greit utan også. Ruta opp med pizzahjul før eg hadde det i omnen, gjer det enkelt å dele dei opp etter steiking. Mine blei såpass tjukke at eg heilt greit kan dele dei i to, som "vanlege" rundstykker. Eg har dessverre ikkje noko meir detaljert oppskrift, eg lagar slike brød vanlegvis berre på slump.


#10

Señora sa for siden:

Denne her synes jeg er fantastisk, utrolig gode og mettende rundstykker.


#11

Bøtt sa for siden:

Nannahs knekkebrød er super gode :)

Oppskriften ligger inne på oppskrifts delen her inne.


#12

Dietta sa for siden:

Osteknekkis er godt, enkelt og kjapt å lage.... Hvis du tåler ost da :)


#13

Dietta sa for siden:

Eller hva med Mikrobrød på 2 minutter ?
Finner ikke linken, men oppskriften ligger her inne.

1 dl med diverse frø etter ønske (bruk gjerne også nøtter for de som tåler)
litt salt
25 gram smør (smeltet)
1 egg

Kjør frø/nøtter i stavmikser. Bland alt sammen og smør ut på bakepapir, ca. 0,5 - 1 cm tykkelse. Så 2 minutter i micro, og du har deilig brød :)


#14

teleslynga sa for siden:

Jeg spiser knekkebrød. Blander 100 g solsikkefrø, 170 g sesamfrø, 100 g linfrø, 65 g kruskakli, 2 ss fiberhusk, 1 ts salt med 7 dl vann, fordeler (bruker våte hender, det er enklest) på to bakepapirkledde stekeplater og steker på varmluft i 170 grader. Etter ti minutter skjærer jeg opp knekkebrødene (6*3) før jeg steker i en time til. Drysser ofte over krydder (oregano, rosmarin, chilipulver, salt...). Nydelige.


#15

Mithila sa for siden:

Tusen takk for tips! Har baka Nannah sine knekkebrød tidlegare, og dei funkar jo fint! Eg tåler det meste bortsett frå nokre nøtter og laktose, ja. Var på helsekosten og spurte etter pofiber, der sa dei at det er det same som fiberhusk, men det stemmer vel ikkje? Ser jo at ein del oppskrifter inneheld begge deler.


#16

Furine sa for siden:

Pofiber er ikkje det same, nei. Men det kan vel brukast på same måte som fiberhusk. Oppskrifta eg gav deg kan lagast utan fløte også, men resultatet blir jo litt annleis. Eg opplever at pofiber gir eit litt "tørrare" resultat enn fiberhusk, veit ikkje heilt korleis eg elles skal forklare det.


Lavkarboforumet er i en flytteprosess, denne versjonen av Lavkarbo.no er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.