Eg skal, i morgon, jogge/gå mitt aller første konkurranseløp. Larviksløpet på 7,75 km. Dette gjer eg heilt av eigen vilje, eg vil teste kroppen min og ikkje minst meg sjølv og min vilje. Eg har trent til dette i heile vinter, så kroppen min skal vere klar.
Det eg treng hjelp til er korleis skal eg ete før løpet?
Dette er det eg har planlagt å ete, vil gjerne ha kommentarar: Frokost (ca. kl. 09:00): 3 steikte egg og ein del bacon + 0,7 liter vatn og 1 glas h-melk Lunsj (ca. kl. 13:00): Salat av isbergsalat, paprika, agurk, cherry tomat, fetaost m/masse olje, egg, oliven, brokkoli, blomkål og skinke + 0,7 liter vatn
Løpet startar kl. 16:00, så eg har lagt opp til frokost og lunsj. I vinter har eg ete mellom 50 - 70 gr kh dei dagane eg har trena og ligge på rundt 30 gr kh dei dagane eg ikkje har trena og det har eg følt har vore optimalt for meg.
Eg kjem til å drikke litt XL1 før løpet og så fylle på meg vatn underveis i løpet og så drikke litt XL1 etter løpet for restitusjon (veit der er mykje kh i XL1, men trenger boosten).
Ser dette ut som ein grei plan?
Takk for all hjelp og råd før den store dagen min :D
Du har tre helt like tråder med sammen melding i - det holder med en, jeg har postet i to - etter at jeg trodde den første posten ikke ble lagt inn... men den lå i en annen tråd med akkurat samme tema gitt! ;)
hehe... stemmer det. Eg ville veldig gjerne ha tilbakemeldingar raskt, slik at eg fekk handla inn, men dei kom ikkje raskt nok, dermed posta eg same i tre ulike underforum. Beklager bryderiet/forvirringa skapte.
Uansett vil eg takke for den tilbakemeldinga eg fekk. Hittil i dag har eg ete 3 egg og ein pakke bacon, eitt glas h-melk og 0,7 liter vatn. Lader opp på soffan med tv og pc på fanget.
Eg har aldri løpt konkurranseløp tidlegare, så eg har eigentleg ikkje erfaring med XL1 i løp. Eg har tidlegare hatt positiv erfaring med XL1 i høve handball- og fotballkampar og det har fungert veldig bra. Tanken er å få i meg drøye 2 dl (ca 12 gr kh) under oppvarminga og så ein del etter eg (forhåpentlegvis) har komt meg i mål.
Du får ikke raskere svar skjønner du... jeg klikker alltid "uleste innlegg" og da kommer alle opp uavhengig av hvilken del av forumet du har postet i... dette tror jeg nok ganske mange gjør - så slipper man å "gå gjennom" alle underforumene for å finne tråder man ikke har svart på :)
Skjønna skjønna, det var nok eit snev av despresjon og panikk i går kveld..... Las gjennom artikkelen om lavkarbojournalisten og nøtter er handla inn til oppvarminga ;) Tusen takk for tips og råd og målet for løpet er todelt; ikkje kome sist og klare å gjennomføre :D
Løpet gjekk overraskandes bra faktisk. Klarte 7,5 km på 1 time og 6 minutter, blei nr 14 i min klasse (av 18 startandes) og totalt blei eg nr. 176 av 231 startandes kvinner.
Er kjempe fornøgd og stolt over min eigen prestasjon :)
Lavkarboforumet er i en flytteprosess, denne versjonen av Lavkarbo.no er fortsatt under utvikling.
Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.