Jannik16 sa for siden:
[CENTER]Var flink å tok mange bilder idag , so fullt innlegg med bilder finne du her:
[/CENTER]
jannikej.blogg.no/?c=1301342276[CENTER]
Idag er det mandag og det betyr fiskedag, eg hadde nokon appelsine liggande som trengte å bli brukt og laksen låg øverst i frysaren, derfor blei dagens middag som det her:
LAKSEFILET MED APPELSIN OG GRØNNSAKER!
Ingrediensar:
2 laksefiletar
4 gulrøtter
1 liten purre
1 bunt brokkoli
2 appelsiner
salt og pepar
Smør.
Rømme.
Framgangsmåte:
Sett steikeovnen på 175 grade og smør ei ildfast form.
Kok opp lettsalta vatn til grønnsakene.
Skrell gulrøttene og skjær dei i strimlar, skjær purre i skiver, del brokkoli i bukettar.
Kok gulrøttene først i ca 2 minutt. Tilsett purre og brokkoli og la koke i ytterligare 1-2 minutt.
Hell vatnet godt av og fordel grønnsakene i botnen av forma.
Legg fisken oppå og innimellom grønnsakene.
Vask og skrubb appelsinene under lunkent vatn. Riv skallet av ei appelsin, og press safta over laksen og dryss appelsinskallet over.
Den andre appelsinen skjærast i båtar som fordelast mellom laksestykka.
Dryss salt og pepar over.
Sett forma midt i steikeovnen og la den steike på 175 grade i ca 20 minutt, til fisken er knapt gjennomsteikt.
Server med mykje seterrømme- på ekte lavkarbovis![/CENTER]
-Jannike-