< Tilbake til oversikten

Pesto- og baconsurra breiflabb (med bilde)

#1

Kokken Tor sa for siden:

Dette er ein enkel og lettlaga fiskerett. Skal det vere ein søndagsmiddag er det ingenting i vegen for at ein gjer førebuingar kvelden før. Ein kan mellom anna smøre inn fisken med pesto, og krydre den til til med peppar, grasløk og salt før ein rullar fisken inn i bacon. Då vil det berre vere steikinga som gjenstår påfylgjande dag.
[i][/i]
Ingrediensar:
Breiflabb i skiver
Tomat- eller basilikumpesto
Bacon i skiver
Salt
Peppar
Grasløk

Tilbehør:
Frisk asparges - Kokt 1 min
Friske rosenkål - nytrekte i lettsaltet vatn
Babymais - kutta i bitar
Soltørka tomat - finhakka
Smør og salt

Rull rosenkål og babymais i smelta smør og smak til med salt.

Aioli
Eggeplomme
1 ts. Dijonsennep
1 ts. Sitronsaft
1 kvitløksfedd
Rapsolje
Smakes til med salt og peppar

God fornøyelse!


#2

frk_johansen sa for siden:

Ååååhhhh!!! Nam nam, det både hørtes og så veldig veldig godt ut! Dette må nok prøves... går vel an å bruke anna hvit fisk også sikkert? Takk for oppskrift :D


#3

Kokken Tor sa for siden:

Jada, du kan godt bruke annen kvitfisk. Disse er ikkje like kokefaste, men om ein snur fisken forsiktig i panna så skal ikkje det vere noko problem. :)

Lukke til! :)


Lavkarboforumet er i en flytteprosess, denne versjonen av Lavkarbo.no er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.