< Tilbake til oversikten

Matrevolutionen - Andreas Eenfeldt

#1

Zillah sa for siden:

"Kostdoktorn" Andreas Eenfeldt gav jo ut sin Matrevolutionen nyleg, og ho er alt planlagt i norsk utgåve. Eg har lest første kapittel og syns det verkar som ei bok det er verdt å lese meir av, men eg tenker å vente til ho kjem ut på norsk. Ikkje for min eigen del, for eg har overhodet ingen problem med svensk, men det er lettare å låne boka vidare til familie og vener om ho er på norsk, tenker eg.

Ein ting til som eg også såg på Kostdoktorn's blogg, var at han har lest inn boka i studio, så ho kjem ut som lydbok i slutten av april. Det syns eg var kjempebra! Eg tenker at det vil bli perfekt for svigermor mi. Ho skulle hatt bra av LCHF, for ho har ei rekke plager som er i det klassiske nedslagsfeltet for LCHF, men ho er også blitt temmeleg svaksynt (skal ikkje skulde det på karbohydratar, men eg vil ikkje utelukke det heller!) så det begynner å bli lite vits i å tenke på å gi ho vanlege bøker.

Nei, kjempebra... det er fantastisk bra rett og slett. :heia:

Men eg har faktisk ikkje lest heile boka. Er det andre her som har gjort det, og som vil uttale seg om kva dei meiner og syns om ho?


Lavkarboforumet er i en flytteprosess, denne versjonen av Lavkarbo.no er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.