< Tilbake til oversikten

Bihuler og candida?

#1

Khb sa for siden:

Dette er eit litt slik lurer på innlegg.

Eg har nemleg slitt med vondt i bihulene(hovudverk, verk i ansiktet, og trøytleik),
i ca 3 år nå. Det heile starta då eg var gravid. Eg fekk ein bihulebetennelse på slutten av graviditeten, vart nesten god, etter antibiotikakur, men blussa opp igjen nokre månader etterpå. Eg fekk ny antibiotikakur, og vart så og seie bra.
Men det var liksom noko igjen, og spesielt når eg var ute, det var kaldt eller vindfullt vart eg vond i bihulene og trøyt.

Før sommaren kom eg meg endeleg til lege, for å sjekke dette ut.
Det vart teke røntgen, eg har vore hos spesialist, og bihulene ser helt fine ut.
Dvs. dei øvre bihulene må ein ta CT for å sjekke skikkeleg, så det har eg ikkje gjort endå. Eg har fått ein allergispray som hjelper meg, og gjer at eg har mindre vondt/ er mindre trøytt.

Eg sat og las litt her inne, og søkte på candida. Eg har slitt med underlivssopp i mange år. Då vart eg obs på at denne soppen også kan spre seg vidare i kroppen, og bihulene var nemnt som ein stad den kunne "slå seg til".

Så byrja eg å legge saman. Underlivvsopp i mange år + sopp i brysta då eg amma førstemann, etter to antibiotikakurar mot brystbetennelse. (kunne ikkje finne trøske hos babyen) + to antibiotikakurar mot bihulebertennelse - og etterpå har eg altså slitt med bihulene.

Eg var hos legen i dag, og nemnte kva eg tenkte på. Ho var jo ikkje spesielt overbevist om at det kunne være candida, men tilbaud meg likevel å få ein soppkur, for å teste det ut. Skal tenke på det.
I same slengen nemnte eg bekymring for inssulinresistens. Og det var ho heilt med på. Eg er ikkje veldig overvektig, men har alltid hatt lett for å legge på meg på magen. Så på mandag skal eg inn å ta diverse blodprøvar.
Eg har tenkt at insulinresistens kanskje kan gjere at det er mykje sukker i blodet, og gi gode vilkår for candida?

Dette vart eit langt innlegg. Men lurer på om det er andre med erfaring frå candida her, som eventuelt har nokre tankar rundt dette.
:detektiv:


#2

Camomilla sa for siden:

Jeg er ikke helseutdannet, og har ingen peiling på candida - men har en venninde som gikk på strikt candida-diett og ble helt kvitt plagene hun hadde. Det viktigste (om jeg husker riktig) var vel å unngå alle matvarer med gjær, eller som kan gjære - og sukker/stivelse (som er mat for gjær). Mener hun spiste rugsprø med kaviar veeeeldig lenge, men er ikke sikker. Sikkert andre her som vet mer om det enn meg - det er også bra candida-ressurser på nett :)


Lavkarboforumet er i en flytteprosess, denne versjonen av Lavkarbo.no er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.