< Tilbake til oversikten

Gravid! - og skal tilføra karbisar

#1

Konkelimonke sa for siden:

Hei alle saman!
Lenge sia eg har vore innom her no, men no treng eg litt råd.
Eg har no funne ut at eg er gravid (jippi) og må difor tilføra litt karbar i maten slik at eg kjem meg ut av ketose.

Til no et eg mellom 10-15karb kvar dag og trivest umåteleg godt med det. Med ein gong eg et noko som inneheld ein del karb (då tenkjer eg på så lite som til dømes ei tacolefse eller ei skive) vert eg skikkelig dårleg i magen. Så eg trur eg må prøva meg fram rett og slett.

Men eg har tenkt å tilføra saker UTAN kveitemjøl, då det er det eg reagerer mest på. Eg tenkjer at i tillegg til det eg vanlegvis et:

Eit par knekkebrød eller rugsprø med smør og ost eller skinke.
Biola og yoghurt
Ein eller to frukt for dagen.

Kva tenkjer de? Er det nok? Eg vegrar meg veldig for dette brød og potet og pasta og ris styret sia eg reagerer sånn på det... Åt ei tacolefse i går og resultatet er hyppige dobesøk i dag og ein bråkete mage...

Anyway, eg veit eg berre må prøva meg fram :) Uansett så trur eg bebis i magen får det betre denne gongen enn sist eg var gravid då eg levde på skummamjølk og grøne epler! haha!

Ha ein fin sundag!


#2

misslinda sa for siden:

Hei..
gratulerer så masse med nurket i magen ;)

Du kan jo øke inntaket av frukt og grønt. Er jo litt sunnere karber enn melprodukter ;) :D


#3

Kitt sa for siden:

Grattis med baby i magen!:hearts:

Dersom du scroller helt nederst på siden, finner du flere tråder om dette!

De fleste her lever Fedon når de er gravide!:)


#4

Konkelimonke sa for siden:

Åokidåoki! Takkar for svar!

Har lest litt innpå her og skjønar dei fleste lev Fedonsk. Trur nok eg kjem til å prøva meg litt fram, unngå dei tinga eg veit eg vert dårleg av. Vert ikkje dårleg av yoghurt/biola og frukt i alle fall. Får peisa på med nøtter og grønsaker i tillegg...

Men skal eg kutta ned på feittet om eg legg meg på mellom50-100karb om dagen? (vil jo variera litt etter kva eg har lyst på og kor svolten eg er...)


Lavkarboforumet er i en flytteprosess, denne versjonen av Lavkarbo.no er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.