Gange sa for siden:
Dette er berre ein liten middagsrett.
Er student, så har veldig lita tid til matlaging, men denne er ein favoritt hos meg.
Lag kyllingsuppa,
Kok 3dl fløte med halv chili, 1 raud paprika og salt og pepar.
Kutt det opp.
Kok opp, la stå nokre minuttar, så fløten trekker til seg smaken.
Sil av paprikaen og chilien, bland fløten med 5dl buljongvatn.
Ha oppi kyllingkraft, bruker vanleg kyllingkraft, nok til 8dl væske.
Steik kylling, eg brukar kyllingfilet. kutt det i strimler. Krydra den godt, eg brukar vanleg chili og lime krydder, men sitronpepar og salt funke også veldig bra.
Steik bacon i smør. ikkje la den bli crunchy og hard. men sånn akkurat passe.
Rasp noko ost.
La kyllingen og baconen stå til kjøling mens du lager suppa. den kokande varme suppa varmet det oppigjen til perfekt tilstand!
Ta skåla di, fyll bunnen med raspet ost, mengde etter smak, eg bruke vanleg gouda ost.
legg så bacon oppå der, legger det i sirklar rundt kanten.
Legg kyllingen inni sirklane.
Hell suppe over i skåla, slik at det omtrent dekkjar alt. Topp med litt nyklippa mynte eller graslauk (ikkje naudsynt, men ser bra ut).
Slik kan du spisa veldig godt, og framleis imponera dei små studinene med velsmakande gourmet mat. ;)