Eg jobbar med mine siste kiloar no, for tre veker sia var det snakk om 10kg, og per i dag er det snakk om 5,5kg att! Så eg trur det skal gå fint!
Om du er strukturert, har rett fokus og er innstilt skal du nok klara det! Er mange her inne som har nådd sine mål, så dei siste kiloane er absolutt mogleg å bekjempa! Kan gjerne ta litt ekstra tid, men det går til slutt!
Lukke til!
PS. Punktslanking er jo veldig vanskeleg, men om du kanskje trenar litt styrke på "problemområda" for å strama opp i tillegg, så skal du sjå du får dreisen på det! OG - det du ser i speglen treng ikkje alltid vera det rette biletet veit du! Hjernen kan spela deg eit puss til støtt og stadigheiter! Tvi tvi!
Lavkarboforumet er i en flytteprosess, denne versjonen av Lavkarbo.no er fortsatt under utvikling.
Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.