...i følge BMI... (ja eg veit det igrunnen er litt teit og feil å henga seg opp i BMI, men eg gjer det no likevel eg, for då har eg noko å "gå etter" på ein måte - sia eg framleis ser meg som ein 90kg tung flodhest når eg ser meg i speglen!)
De anar ikkje kor ufatteleg deilig det er!!!
Eg er så glad :D
Denne gongen har lavkarbo verkeleg hjelpt (kanskje fordi eg denne gongen har holdt fokus? ...og fordi eg ikkje ser på freistingar som freistingar lenger, men heller noko som faktisk gjer meg både fysisk og psykisk dårleg?)
Akk og vesann, eg måtte berre dela mi glede tidleg ein måndags morgon :)
Queen of Wands: Ja, sei det. Hjernen heng ikkje med på forandringane, for det er ei stor forandring - det er eg klar over. Så eg har framleis litt å jobba med psykisk for at eg skal verta vane med den "nye kroppen" min. Tek tid, men eg er på veg! Difor syns eg det er bra å ha vekt og BMI å forhalda meg til dei dagane eg syns eg ser ut som ein flodhest - for å motbevisa synet eg ser i speglen ;) Ja, vanskeleg å forklara, men... hehe!
Lavkarboforumet er i en flytteprosess, denne versjonen av Lavkarbo.no er fortsatt under utvikling.
Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.