For 5 minuttar sidan bestillte eg startpakke og soyaprotein frå ketolyse.no. I fleire dagar har eg snik-lest her på forumet, og eg er supermotivert for å gå ned ca 20 kg frå min BMI på nøyaktig 30. Eg skal ta fatt på tirsdag saman med mannen min, og det håpar eg skal gjere ting lettare å gjennomføre.
Og så håpar eg de her inne ber over med litt nynorsk i forumet ;)
Forsiktig hei tilbake!
Har også nett begynt på ketolysekuren og dette er mitt første innlegg her, så det får bli et velkomen og lykke til til oss begge :-)
Har aldri skreve inn her før, så det skal bli spennande å sjå korleis det funkar. Vi får rote og leite som best vi kan innpå her i fellesskap!
Hei og veldig forsiktig hei fra Nord. Første innlegg, men må berette at jeg sluttet å røyke for 3 uker siden, fikk panikk om at jeg skulle passere 100kg. Har derfor testet Lavkarbo i en uke med gode råd fra min datter som har gått ned 20 kg. Har lest mye her. Er veldig spent. Har kjøpt boka til dr. Sofie Hexeberg "Frisk med lavkarbo". Vil ikke sprekke denne gang. Lykke til for oss alle.
Hei!
Du er nok ikkje den einaste med nynorsk her! Er sjølv frå Førde, og har surfa rundt her ei lita stund... :)
Lavkarbo funkar som berre det, og viss ein lurar på noke er det ikkje vanskeleg å få idear, tips og råd her inne på forumet!!
Og DÅ er me igang! :D dag 1 har vore super, med egg, salat, og litt meir salat, topa med gode ting som olje, rømme, feta og tacokjøttdeig med heimelaga krydder og salsa. Mmmmmm!
Lavkarboforumet er i en flytteprosess, denne versjonen av Lavkarbo.no er fortsatt under utvikling.
Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.