Er ein student på 22 år, har vore overvektig sidan eg var eit born.
Veg ~115kg og er 185cm.
Eg byrja for nesten to månader sidan med trening, 3-5 gangar i veka, 30min jogging (>4km) + eg gjekk til og frå studiestaden min, som tilsvarer omtrent 1 time til halvannan time gange kvar dag i gjennomsnitt.
Altså eg føler eg får nok mosjon iallfall.
Problemet er at eg kjem frå ein veldig matglad familie, har 2 kokkar (storebror og far). Så eg tenkte at sidan eg elsker god mat, så skulle eg heller slanka meg med trening enn med kosthald. Kanskje ikkje lika effektivt, men eg kunne iallfall behalda matgleda.
Etter ca 2mnd har ikkje det hatt store resultater og eg er litt deppa.
Har omtrent ikkje gått ned 1kg. Har sjølvsagt fått bedre kroppsfysikk, utholdenhet osv, men dette var aldri motivasjonen min.
Så kom eg tilfeldigvis over dette her og tenker enten dette ellers gir eg f...
Så som student, forholdsvis fattig, som får nok mosjon, kva bør eg spisa? Egg spis eg allereie, frukostblanding, smør og mjølk og grønnsaker, null problem.
Mitt problem er BRØD og PIZZA. Mine to livsrettar. Brød med salami.. ost osv eller pizza med godt fyll og brokkoli <3
Dessutan har eg problemer med lunsj, kva skal eg lage lunsj av utan brød? Salat? Gulrot? Kålrabi? Knekkebrød? Pizza kan eg droppa, ev. finne noko lavkarbo alternativ. (eg lagar omtrent all maten min sjølv.)
Eg har skaffa meg ei badevekt og eg har skaffa meg eit måleband. Eg skal laga meg nokre grafar over framgongen min. Går det ikkje denne gongen, så får det berre vera :/
Har lest ganske mykje her inne ang. lavkarbo og oppskrifter (egg og fløte... dyre den fløten :>) og tips til nybegynnarar.
Nokon som kan (relatera og) gi nokre peikarar på kva eg kan ha gjort feil osv?
Forhaldsvis mykje mosjon, dog går resten av dagen til å sitja forran lesebøker og datamaskin/tv.
Motivasjonen er ganske simpel, bli slankare slik at eg kan finna meg ein kjæreste og endeleg bli kvitt god gammel ostepopp flesk ;)
Eg spiser alltid ein stor og god frukost med som regel brød, frukt, mjølk/vatn og kaffi.
Når eg trener plar eg spise ei frukt etterpå (eple eller banan). Kanskje droppe dette mtp karbohydrater?
Jeg tror de fleste "slankeleie" vil klare seg på LK.
Selv tok jeg av 6 kilo på 1mnd. Da spiste jeg god mat,når jeg hadde lyst. Brød ja,-det savna jeg og ei stund,men det går som regel over det savnet,er mest vane tror jeg. Eventuelt kan man bake LK-brød,og ha det som en erstatning. Fyll på med deilig pålegg.
Ellers så bør en kutte ut frukt ja,og heller gnofle litt grønnt. Er jo vaner,-eller rettere sagt uvaner vi har tillært oss...Er bare å snu litt på flisa. Lavkarbo har også masse godt i oppskrifter,er bare å titte innom der. En finner mye der!
Ellers er jeg relativt ny her,så jeg er ikke den som kan gi mest råd her,-men velg fettrik mat,fremfor frukt og brød...Istede for poteten,så finnes mye annet godt!:D
Her kan du sjekke innholdet i de fleste varer, inkl agurk ;)
Melk er igrunn ikke særlig lavkarbovennlig, men siden du ikke følger en fast filosofi er det helt opp til deg og hva du tåler/trives med :)
Mennesker er den arten som drikker en annen arts melk, selv i voksen alder......
Å drikke fersk kumelk er ganske nytt det ble først vanlig i begynnelsen av forrige århundre.
Mais er no good.
Tenk på at grønnsaker du spiser skal gro over jorden, altså ikke rotgrønnsaker, poteter.
Jeg har lært svært mye ved å lese her inne.
Lykke til dette kommer til å gå fint:)
Har nett peist i meg 3 egg med ost, kvitlauk og litt linfrø. Får gi vekk karbomaten eg har i kjøleskapet, 2kg med poteter, 3 kneipbrød. masse ris og pasta :p
Eg påstår ikkje at eg er nokon kosthaldsekspert, men eg har halde på med dette sidan tidleg i oktober og kvitta meg med 30 kg. Eg et ikkje rar mat, er glad i god mat - og synest ting går glimrande. Har akkurat vore i barnedåp, har brote alt som heiter diett og spist fem store fat med haugar av kaker og desserter - utan å leggja på meg eitt gram. Her nokre tips som funkar for meg - prøv ut eller forkast.
Mjølk
Eg er glad i mjølk og mjølkeprodukt, men har etterkvart bytt ut kva eg et/drikk. Tommelfingerregel: Feitt og surt. Heller surmjølk enn søtmjølk, heller fløyte enn skummamjølk. Eg har fløyte i kaffien, til frukost et eg rein seterrømme med litt syltetøy/bær blanda med kveitekli. Eg et feite ostar (Selbu blå, fersk parmesan), gjerne med smør på.
Du bruker nokre veker på å omstilla kroppen. For min del minna det veldig om å slutta med tobakk: Kroppen er like innstilt på sin daglege dose med karbohydrat og insulinstigning som han blir innstilt på nikotin. Vær litt hard med deg sjølv til du merker at kroppen sin rytme når det gjeld svolt og matlyst har endra seg. Og om du merkar at du må ha noko, ha for handa noko som er feitt og utan karbohydrat, og som du synest er godt.
For min del la eg om måltidsmønsteret heilt - medan eg før åt kvar tredje time, et eg no til vanleg berre to gonger for dag, med eitt hovudmåltid. Her trur eg vi er ulike, og må finna vår eigen rytme. Men vær obs på at matlyst også er vane - og at mange av oss har vent oss til å eta for ofte. Du har funne din eigen rytme når du synest det funkar OK at du et når du har vorte god og svolten, og at du kan reisa deg god og mett frå matbordet.
Du trener mykje. Mi røynsle er at trening kan drepa apetitt. Eg får rastlaus matlyst (karbohunger) eit par timar etter at eg har ete ein god middag. Om eg tek ein skikkeleg joggetur då, er eg ikkje svolten når eg kjem heim igjen - då er eg tørst, og drikk mykje vatn (eller sitronvatn). Trening kan vera bra for fysisk velvære og for å kvela matlyst - og kan såleis bidra til vektreduksjon. Men eg trur den indirekte verknaden er viktigare enn kaloriane du forbrenn under ein joggetur.
Kos er viktig. Varm drikke - kaffi med fløyte, varm te eller liknande - kan vera kos utan kaloriar. Finn ut kva du trivst med, og unn deg kosestunder innimellom.
Når du har kutta kraftig på karbohydratar ein periode: Prøv deg fram og finn mat du likar! Smakssansen endrar seg. Du likar brød med salami? Finn deg ei god spekepølse - ikkje ferdig oppskore, men heil. Skjer tjukke skiver, og et med tomat til. Eit stykke parmesan? Jarlsbergost med røykt laks? Sei med steikt lauk og rømmesaus? Poenget er: Er du glad i god mat, bør du halda fram med det. Svært mykje god mat inneheld omtrent ikkje karbohydratar. Gå på jakt etter dei nye livrettane dine!
Dette dreier seg også om motivasjon. I staden for å eta ofte og billig: Et sjeldnare og betre. Gle deg til neste måltid - og nyt smaken av skikkeleg mat som ikkje er spedd ut med det daglege karboforet. Potet og ris smakar i grunnen ikkje så mykje - ei skikkeleg lammesteik er betre mat!
Ikkje ha det for travelt. Pressar du kroppen for mykje, slær det berre tilbake. Er du framleis svolten etter middag - et litt meir.
Lukke til!
Lavkarboforumet er i en flytteprosess, denne versjonen av Lavkarbo.no er fortsatt under utvikling.
Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.