Øyværing sa for siden:
Då har eg hatt 3 dagar med lite søvn, stress og bilkøyring (eg bur på ein plass utan bilar). Køyrt nokre titals mil på dårleg vinterføre, vore på viktige møte og gumla mat slik eg plar når eg er uroleg/nervøs og søvn- og måltidsrutinane går av hengslene.
Oppsummert: Eg har gumla i lange tider på ein stor spekesnabb (god) og ein ost. Drukke masse vatn. To egg til frukost kvar dag, godt med smør.
Tidlegare har dette vore ein situasjon der eg har ete burger og den slags. Og gjerne sukkertøy/brus. Trøystespising og den slags - og ukjørt og slapp når eg kom heim.
No kjenner eg meg opplagt og spenstig. Vekta er heilt i ro, likeeins nervene. Kort sagt - ro og velvære.
Med andre ord: Treng du å trøystespise noko på stressa og rutinebrytande dagar - prøv med ein spekesnabb eller ein raudvinssalami. Gumla i veg med godt samvit - og drikk masse vatn (du blir tørst av saltmat).