Har laga ein versjon av shepherd's pie til middag i dag.
Steikte kjøtdeig, løk og sjampinjong, laga brun (litt brun i alle fall ;)) saus av buljong, litt JBKM, smør og fløte, og blanda inn i kjøtblandinga og ha i ei ildfast form. Sett omnen på ca 200 grader.
Skar opp i bitar og kokte sellerirot, og laga mos av det med fløte, muskat, salt, pepar og litt smør.
Heiv oppi eit lag med fryste grøne erter (kanskje ikkje det beste karbomessig, men smakar bra.. og uansett betre enn mais), og så sellerirotmosen på toppen.
Deretter nokre klattar med smør på toppen, så i omnen for oppvarming og gratinering, ca 20 minutt, til alt er varmt og smøret har smelta og fått gylden farge.
Smakte berre fantastisk godt! Ein kan sjølvsagt sløyfe ertene og heller ha i noko meir lavkarbo om ønska.
Trur nok det blir restar til lunsj i morgon! Nam! Til og med sambo, som har vore litt småskeptisk til lavkarbo tykte dette var kjempegodt!
Lavkarboforumet er i en flytteprosess, denne versjonen av Lavkarbo.no er fortsatt under utvikling.
Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.