Momsemor sa for siden:
Har bakt eit nydeleg godt brød med glutenmjøl (Karin sitt aller beste brød) idag. Det var deilig å finna eit brød med lite karber i; føler meg litt meir normal i kosten når eg kan eta brød.
Men så slo det meg; eg skal unngå kveitemjøl i kostholdet mitt. Eg har ikkje cøliaki eller noko, men vil berre unngå det fordi eg merker at det ikkje er bra for magen min. Veit at glutenmjølet er utvunne av kveite, men har det dei same negative verknadane på blodsukker (og i mitt tilfelle; fordøyinga) som kveitemjøl har? Synes kanskje eg vart ein anelse oppblåst etter å ha ete brødet, men det var ikkje mykje altså. Kan jo vere all fiberen...Skal jo prøva meg litt fram,men lurar berre på om andre har erfaringar eller kunnskap om glutenmjøl.
Hadde jo vore veldig greitt å kunna bruke eit slikt "mjøl"...;)