Eg prøvde denne i helga. Laga av blomkålmos, fordi eg hadde restar etter middagen dagen før, og var for lat til å stikke og kjøpe ny blomkål når sjappa på hjørnet ikkje hadde. Brukte raspa mozzarella, ikkje den "våte" sorten, elles som i oppskrifta, med egg. Mozzarellaen kjørt eg ekstra fin med stavmiksaren.
Litt pes å trykke det utover steikeplata, men det gjekk til slutt, om enn litt tjukt. Resultatet vart ganske bra synes eg. Litt "rar" konsistens (rar tyggemotstand kan ein kanskje sei), i forhold til vanlege pastaplater, men lasagnen vart ikkje blaut slik som eg har hatt problem med når eg har laga med squash. Den heldt seg veldig fast og fin. Den var samtidig VELDIG fyllande! Og faktisk så var den enda betre når eg åt litt av den kald litt seinare på kvelden! Verdt å teste ut, vil eg seie.
Men trur det kan gå like greit med anna "vanleg" ost i platene.
Sambu seier det er den beste lavkarbolasagnen så langt.
Lavkarboforumet er i en flytteprosess, denne versjonen av Lavkarbo.no er fortsatt under utvikling.
Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.