< Tilbake til oversikten

Lavkarboversjon tropisk aroma

#1

Furine sa for siden:

Eg har tenkt litt på akkurat denne, om det ikkje skulle vere mogleg å lage ein litt meir lavkarbovenleg versjon av tropisk aroma.

Eg tok utgangspunkt i eit kokosmjølbrød eg fann på nettet, som også Odinzee har lagt ut her.

Ingrediensar, etter å ha blitt tweaka litt, og litt på slump, og litt ca-mål:

  • 80g kokosmjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 7 egg
  • 115g smør (eg brukte salta smør i staden for å ha i ekstra salt)
  • 2 ss tagatose/splenda
  • 5-6 store ss mascarpone
  • 1 ts kanel
  • 1 ts muskat
  • 2-3 ss kakao

Bland romtemperert smør med det søte, og prøv å piske det kvitt. Ha i eitt og eitt egg medan du vispar (eg brukte stavmiksarvispen). Bland så i mjølet litt etter litt (det støvar veldig!) og mascarponen. Ha deretter i krydderet.
Del røra i to og bland inn kakao i den eine delen.
Vanlege tropisk aroma oppskrifter seier at ein skal bruke rund form, men eg brukte langform i silikon. Hadde først i den lyse røra, så den mørke røra på topp.
Steikte i 45 min på 180 grader. Kunne moglegvis vore nok med 40 min, den vart litt mørk på toppen.

Sjokoladesmørkrem fekk eg ikkje heilt til der og då, det er alvorleg store mengder melis i vanleg tropisk aroma krem. Enda opp med å smøre på sjokoladepålegg søta med tagatose. Funka fint! Eg har ikkje sukrin, har høyrt at folk lagar melis av det. Men det har eg altså ikkje testa.
Kaka i seg sjølv vart saftig og smakte bra! :sikle:


Lavkarboforumet er i en flytteprosess, denne versjonen av Lavkarbo.no er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.